Karl Ove Hufthammer

Et dukkehjem

Eg har vore og sett Den national scenes oppsetting av Ibsens Et dukkehjem.

Dette er ei modernisering av stykket, der handlinga er lagt til notida, og språket forny. Men det mest radikale er sjølve det visuelle uttrykket. Scenen er nesten tom, med berre eit bord og nokre stolar. Men bak møblementet står eit stort «kinolerret», der me ser resten av leiligheita, med inngangsparti og kjøken.

Når nokon kjem på besøk, ser med dei først går inn på kjøkenet på lerretet, før dei kjem inn på scenen. Overgangen frå film til «verkeligheit» går nærast umerkelig for seg, noko som sjølvsagt krev eksakt taiming. Det heile er veldig imponerande.

Filmveggen blir òg brukt til å skildra tankane til personane – med opptak gjort ute. Dette fungerer iallfall for det meste veldig bra, og tilfører stykket noko som ikkje ville vore mulig med tradisjonelt teater. Eg meiner ei slik blanding av film og scene med hell òg kan brukast i nokre framtidige teaterstykke – men nok i mindre omfang, og absolutt ikkje i alle stykke!

Elles gjer skodespelarane ein god jobb, og dette er ei fin oppsetting av dette klassiske skodespelet (som eg kan legga til eg ikkje har sett før). Ta gjerne turen og sjå det viss du er i Bergen.

Stykket vart først sett opp 20. september, og var meint å gå fram til 18. november. Det har blitt ein suksess, og det er derfor no sett opp ekstraframsyningar frå 25. november til 6. desember. Billettar kan du bestilla over Internett, telefon, post eller faks.

6 kommentarar

  1. Eg har bare lese om denne oppsettinga av Et Dukkehjem, men ho høyrer absolutt interessant ut. Det er ei av dei (få) ulempene med å bu i provinsen, nemlig at ein ikkje har den same moglegheita til å få slike kulturelle opplevingar. I si tid tenkte eg på å skriva ei hovudoppgåve om stykket, men i staden enda eg opp med å velja Samfundets Støtter. Et Dukkehjem er eit mye bedre stykke, men Samfundets Støtter, som er det første av dei realistiske problemsdramaa til Ibsen, er au eit godt stykke, sjølv om det manglar ein del av dei problemstillingane som gjør dukkehjemmet til eit meisterverk. Eg blir svartsjuk når du fortel om oppsettinga!

  2. «Men det mest radikale er sjølve det visuelle uttrykket.» Så veldig radikalt er det ikke. En av pionerene i bruk av slike virkemidler var Erwin Piscator, og det er over 70 år siden.

    En som videreutviklet teknikken til et uttrykk jeg ikke har sett maken til senere var Josef Svoboda med sin «polyekran» (flere projeskjonsflater) teknikk. Dette var på 1960-tallet.
    Det er et spennede virkemiddel, men det er veldig krevende å få uttrykkene til å virke som en helhet. Det er godt at det ikke brukes for mye.

  3. Jo, du har rett i at dette ikkje er revolusjonerande. NRK2 sendte forresten nylig ein (spele)film med noko liknande. Der hadde hovudpersonen eit slikt stort filmlerret på scenen, som han hoppa og sprang inn og ut av. Dette krevde mykje meir eksakt taiming enn Et dukkehjem, og var fryktelig stilig. Om eg ikkje hugsar feil, var det filmen Sammentreff og tilfeldigheter.

  4. Scener som krever perfekt timing blir liksom ikke så imponerende på film. Film er som regel resultatet av repeterte opptak og mye redigeringsarbeid, for ikke å snakke om de muligheter som finnes til å bruke bildemanipulasjon. 😉

  5. Nja, eg synest eigentlig scener som krev perfekt taiming kan vera veldig imponerande på film, fordi dei brukar filmtriks. Tenk berre på perfekt koreograferte kamp- eller dansescener, der ein treng mange opptak (og eventuelt andre «filmtriks») for å få ting akkurat som dei skal vera.
    For øvrig var det i denne filmen meint å visa delar av eit sceneshow, og taiminga var derfor (med vilje) ikkje 100 % perfekt.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.