I dag la eg ut ein ny omtale på nettstaden min Gratis kvalitetsdataspel. Spelet omtalt heiter Beneath a Steel Sky, og er ein spennande og til tider humoristisk framtidsfabel.
Spelet vart først gitt ut kommersielt i 1993, men er no frigitt av forfattarane, saman med eit program som gjer at det fungerer på alle nyare maskiner og operativsystem. Dette er ein av klassikarane innan eventyrspelsjangeren, og vel verdt å prøva.