Som dei fleste andre har eg hatt eit langt og hardt liv som skuleelev, både på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule, både på godt og vondt. Noko av arbeidet har vore større og meir omfattande enn anna, nemlig seroppgåver. Det vil ha vore synd å ha gjort alt dette arbeidet, for so berre å la det gå tapt. Eg har derfor lagt ut eit par av desse oppgåvene her – manuelt omdanna til XHTML frå eit obskurt, gammalt tekstbehandlingsformat.
I niande klasse på ungdomsskulen vart me sett til å skriva ei seroppgåva om ein av dei «fire store forfattarane» (Ibsen, Bjørson, Kielland og Lie) eller Amalie Skram. Eg valde Skram. Her er resultatet av dette omfattande og keisame arbeidet.
Eit par år før seroppgåva om Amalie Skram, måtte eg skriva ei oppgåve om Eric Clapton. Dette var i musikkfaget. Ei middels stor oppgåve om Eric Clapton, om livet og musikken hans. Inneheld òg ein diskografi.
Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>Først publisert: 1999-01-01
Sist oppdatert: 2001-07-09