Karl Ove Hufthammer

Ordbanken versjon 2012-09-01 klar

Eg har no lagt ut versjon 2012-09-01 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ein del viktige endringar som gjorde det nødvendig med ein ny versjon, blant anna den nye nynorskrettskrivinga.

Ordbanken versjon 2010-05-11 klar

Eg har no lagt ut versjon 2010-05-11 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ikkje so mange endringar i sjølve programmet, men fleire i fullformsordlistene, og det var på tide å få ut ein ny versjon.

Norsk Ordbog i terminalen

I 1873 kom Ivar Aasen ut med Norsk Ordbog med dansk Forklaring, grunnlaget for det som seinare skulle verta nynorsk. Boka er tilgjengelig i elektronisk form på Aasentunet, i eit noko uhendig format (Microsoft Word). Men med nokre greie verktøy kan me gjera ho om til eit enkelt koda tekstformat, og med litt skripting få «Ivar Aasen rett i terminalen».