Karl Ove Hufthammer

Christmas With The New Black Eagle Jazz Band

Eg har tidligare blogga om favorittjuleplata mi, Anne Sofie von Otters fantastiske Home for Christmas. Men på ein veldig god andreplass kjem Christmas With The New Black Eagle Jazz Band, ei juleplate med musikk i New Orleans-stil.

Det finst tallause plater med oppjazza versjonar av gamle juleklassikarar, men her går det verkelig mange på dusinet. Christmas With The New Black Eagle Jazz Band skil seg ut ved ikkje berre vera ei god juleplate; det er ei god jazzplate, og ei fantastisk plate i det heile.

Ein kan vanskelig trå feil med trombone, tuba og ein herlig vokal, og dette er plata som år etter år gjev meg i godt humør, og som eg aldri blir lei. Men ta ikkje mitt ord for at musikken er so bra. På CD Baby kan du nemlig høra lange lydklipp frå fleire av spora. Mitt favorittspor er for øvrig Blue Christmas, som hørast.

Og fortvil ikkje over at det er for seint å bestilla CD-en før jul. På ovennemnte nettsida kan du nemlig kjøpa plata i nedlastbart MP3-format for ein billig penge (spesielt slik dollarkursen er no). Og då er vel julelykka sikra!

1 kommentar

  1. Oh jul med din glede og herlige New Orleans-jazz! Etter å ha høyrd utdraga frå plata, så måtte eg finne fram bankkortet. Til og med gutungen på 1,5 år var einig: «Morsom m’ikk!» Og denne helga vart det julejazz frå New Orleans til lutefisk frå Lofoten.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.