Karl Ove Hufthammer

Omsetting av musikalfilmar

26. september 2003 (oppdatert 6. august 2021)

Spelemann på taket

For ei stund sidan kjøpte eg DVD-utgÃ¥va av den klassiske musikalen Spelemann pÃ¥ taket, for øvrig ein kjempeflott film. Det er òg den einaste DVD-en eg har sett som er teksta pÃ¥ nynorsk (!), og han har i tillegg den beste tekstinga eg nokon gong har sett.

Eg trur tekstaren mÃ¥ ha brukt den nynorske gjendiktinga som vart gjort nÃ¥r dette stykket først vart sett opp i sceneversjon her i landet. Eg har iallfall knapt ord for god tekstinga er, og vel derfor Ã¥ bruka sitat frÃ¥ filmen …

Spelemann på taket er ein musikal, naturlig nok med mange songar, som alle er omsett. Tekstaren har i samtlige songar klart å tatt vare på både rim, rytme og ordspel heilt perfekt. La meg ta eit eksempel, frå ein song der dei tre døtrene i familien syng om ei lokal utgåva av «Kirsten Giftekniv»:

Parmakar, parmakar,
mak meg i par!
Verp meg eit varp,
kår meg ein kar!

Er det ikkje fantastisk‽ Eit anna fint eksempel er songen Sunrise, Sunset, der nettopp desse to orda blir gjentatt med fast rytme: «sun-rise – sun-set». Det verkar umulig Ã¥ finna ei god norsk omsetting pÃ¥ ei so kort, taktfast linja. (Prøv sjølv før du les vidare!) Men dÃ¥ slÃ¥r omsettaren til med: «sol stig – sol sig». Genialt! Og det hadde aldri fungert pÃ¥ bokmÃ¥l, kan eg legga til. ☺

Generelt synest eg norske omsettarar av musikalar (altso sceneversjonar, ikkje film) har vore utrulig gode til å gjendikta songane, ei oppgåva som ofte er tilsynelatande umulig å få godt til. Det beste eksempelet eg kjenner, er frå My Fair Lady (ein musikal eg dessverre ikkje har sett sjølv enno), der eit gjennomgangsrim er «The rain in Spain stays mainly in the plain». Eg hugsar ikkje nøyaktig kva dette nærast uomsettelige rimet vart på norsk, men det var iallfall noko med «ei sol på Gol». (Oppdatering: Det var «Det gol og mol i solen en spanjol». Takk til Eirik Vågeskar som kom med fasiten.) Fantasirikt og godt.

Gjendiktarar av scenemusikalar har sjølvsagt veker og månader på seg til dette, noko tekstarar av filmar (spesielt fjernsynssendte) ikkje har. Likevel synest eg filmtekstarar av musikalar kunne gjort seg litt meir flid, og eventuelt tatt kontakt med rettigheitshavarane til dei norske gjendiktingane av sceneversjonane der desse finst, for å få brukt desse.

Sound of Music – eit botnpunkt

Eg har nylig skaffa meg «Special Edition» av musikalen The Sound of Music på DVD, og der er ingen songane omsett i det heile tatt, sjølv om dei alle er sterkt handlingsberande. Dette er slett arbeid!

Calamity Jane – eit lyspunkt

Men det finst heldigvis fleire lyspunkt når det gjeld teksting av musikalfilmar. 2003-09-24 sendte NRK2 filmen Calamity Jane. Òg her er alle songane omsett, inklusiv rim, rytme og ordspel! La meg ta eit eksempel, frå ein song med linjer som:

In the question you’re the ‘why’.
In the ointment you’re the fly.

Eg hugsar ikkje akkurat kva desse to linjene vart på norsk, men to andre var iallfall (omtrent):

PÃ¥ osten er du muggen.
I sola er du skuggen.

Alle desse rima var like godt gjendikta i den norske teksten. Imponerande! La meg til slutt ta eit anna eksempel eg hugsar:

Når han viser musklar? Eg dånar!
Som snøen om våren eg brånar!

Calamity Jane er som du ser teksta på nynorsk, av Anne Margrethe Standal. Dette er same person som i ei tidligare teksting av ein film lanserte uttrykket «tretti med sprett i». Ho bør få fast ansvar for teksting av filmmusikalar i framtida!

Emne: Film og fjernsyn, Musikk

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg kommentar til Karl Ove Hufthammer





Du kan bruka dei vanlegaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlege linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.