Karl Ove Hufthammer

Norske namn på bønner, erter og linser

Både på norsk og engelsk er det eit virvar av namn på bønner, erter og linser. Ein sort har typisk fleire ulike namn, og posane ein får kjøpt, kan vera feil­merkte.

Som eit forsøk på å rydda opp i forvirringa har eg her laga ei oversikt over kva ulike typar belg­frukter heiter på norsk, og over korleis dei ser ut. Anbefalt norsk namn står først, med halv­feit skrift.

Kikerter

Cicer arietinum L.

Foto av kikerter.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • kikerter
  • bukkerter
  • garbanzo­bønner
  • kikerter
  • bukkerter
  • garbanzo­bønner
  • chickpeas
  • white chickpeas
  • garbanzo beans
  • kabuli chickpeas
  • kabuli chana
  • safed chana

Dette er dei vanlege (gule/lyse) kikertene. Har òg sett namnet «bukkeerter» brukt, men det er ei feilstaving av «bukkerter». I eldre tid vart kikerter òg kalla «kikererter» (altså ei fornorsking av det latinske namnet). Det moderne namnet er nok ei forenkling av dette igjen.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (nynorsk); SNL; NAOB

Brune kikerter

Cicer arietinum L.

Foto av brune kikerter.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • brune kikerter
  • brune bukkerter
  • brune kikerter
  • brune bukkerter
  • brown chickpeas
  • black chickpeas
  • Bengal gram
  • gram
  • desi chickpeas
  • desi chana
  • kala chana

Mindre, mørkare (brun) variant av kikerter. Det er desse kikert­mjøl (gram flour) er laga av.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (nynorsk); SNL; NAOB

Delte kikerter

(Produktvariant av brune kikerter.)

Foto av delte kikerter.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • delte kikerter
  • delte kikerter
  • split chickpeas
  • chana dal

Er laga av avskala og delte brune kikerter. Men ser gule ut. Det er nemleg berre skalet som er brunt.

Ertebønner

Cajanus cajan (L.) Huth

Foto av ertebønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • erte­bønner
  • kongoerter
  • cajan­bønner
  • dueerter
  • katjangfrø
  • erte­bønner
  • kongoerter
  • cajan­bønner
  • dueerter
  • katjangfrø
  • toor dal
  • pigeon peas
  • arhar
  • tur
  • red gram
  • gungo peas
  • congo peas

Som namnet «toor dal» tilseier, er bønnene på bildet delte (og avskala). Dette er nok det vanlegaste produktet (derfor har eg ikkje presisert at dei er delte og avskala i namnet). Eg har iallfall ikkje funne heile ertebønner til sals. Pigeon peas og namna under viser til ertebønner generelt, ikkje nødvendigvis delte og avskala. Sjølv likar eg namnet dueerter veldig godt (og duvärtor vert brukt på svensk), men ertebønner er nok det mest offisielle og tradisjonelle.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (nynorsk); SNL; NAOB

Gule erter

Pisum sativum L.

Foto av gule erter.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • gule erter
  • erter
  • hageerter
  • gule erter
  • erter
  • hageerter
  • yellow peas
  • peas

Erter og hageerter er meir generelle namn og gjeld både gule og grøne erter.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (nynorsk); SNL; NAOB

Gule splitterter

(Produktvariant av gule erter.)

Foto av gule splitterter.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • gule splitterter
  • delte gule erter
  • gule splitterter
  • delte gule erter
  • yellow split peas
  • matar dal
  • mattar dal

Er òg avskala.

Grøne erter

Pisum sativum L.

Foto av grøne erter.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • grøne erter
  • erter
  • hageerter
  • grønne erter
  • erter
  • hageerter
  • green peas

Kan variera i farge frå gulgrøn til blågrøn.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (nynorsk); SNL; NAOB

Grøne splitterter

(Produktvariant av grøne erter.)

Foto av grøne splitterter.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • grøne splitterter
  • delte grøne erter
  • grønne splitterter
  • delte grønne erter
  • green split peas

Er òg avskala.

Soyabønner

Glycine max (L.) Merr.

Foto av soyabønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • soya­bønner
  • soya­bønner
  • soy beans
  • soybeans
  • soya beans
  • edamame

Det finst òg meir avlange soyabønner. Edamame er ikkje eit generelt namn; edamame er umodne (og då grøne og mjuke) soyabønner. Du finn dei, med eller utan belg, i frysedisken.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (nynorsk); SNL; NAOB

Limabønner

Phaseolus lunatus L.

Foto av limabønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • lima­bønner
  • smør­bønner
  • lima­bønner
  • smør­bønner
  • butter beans
  • large lima beans
  • lima beans

Veldig store, kvite og nyreforma. Butter beans på engelsk ser ut til gjelda desse store kvite/lysegule, mens lima beans kan også vera små og grøne (av og til kalla baby lima beans). Smørbønner ser ut til å vera ei direkte­omsetting frå engelsk, så kall dei heller berre limabønner på norsk. Det er det tradisjonelle namnet.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Cannellinibønner

Phaseolus vulgaris L.

Foto av cannellinibønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • cannellini­bønner
  • kvite kidney­bønner
  • kvite nyre­bønner
  • kvite bønner
  • cannellini­bønner
  • hvite kidney­bønner
  • hvite nyre­bønner
  • hvite bønner
  • cannellini beans
  • alubia beans
  • alubias

Større enn dei små kvite bønnene, og dei er nyreforma (akkurat som vanlege/raude kidney­bønner). Viss du kjøper hermetiske «hvite bønner», er det ofte desse det er snakk om. Bønner frå arten Phaseolus vulgaris, som desse og bønnene nedanfor høyrer til, vert generelt kalla hagebønner på norsk.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Små kvite bønner

Phaseolus vulgaris L.

Foto av små kvite bønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • små kvite bønner
  • små hvite bønner
  • navy beans
  • haricot beans
  • pearl haricot beans
  • white pea beans
  • pea beans

Det er (ein variant av) desse som vert brukt til «bønner i tomatsaus» («tomatbønner»). Finst i mange ulike størrelsar, frå veldig små til middels store, og frå nesten runde til ganske avlange. I motsetning til cannellini­bønner er desse (nesten) ikkje krumma. Men dei tilhøyrer same art.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Kidneybønner

Phaseolus vulgaris L.

Foto av kidneybønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • kidney­bønner
  • raude kidney­bønner
  • nyre­bønner
  • raude nyre­bønner
  • kidney­bønner
  • røde kidney­bønner
  • nyre­bønner
  • røde nyre­bønner
  • kidney beans
  • red kidney beans

Vert vanlegvis berre kalla kidneybønner, men ein kan bruka raude kidneybønner for å skilja dei frå dei kvite (cannellini­bønner).

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Borlottibønner

Phaseolus vulgaris L.

Foto av borlottibønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • borlotti­bønner
  • borlotto­bønner
  • tranebær­bønner
  • borlotti­bønner
  • borlotto­bønner
  • tranebær­bønner
  • borlotti beans
  • rosecoco beans
  • cranberry beans
  • crabeye beans
  • Roman beans
  • romano beans

Liknar litt på pinto­bønner, men er større og har litt andre fargar. Fargen kan variera.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Pintobønner

Phaseolus vulgaris L.

Foto av pintobønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • pinto­bønner
  • pinto­bønner
  • pinto beans

Liknar litt på borlotti­bønner, men er mindre og har litt andre fargar. Fargen kan variera.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Brune bønner

Phaseolus vulgaris L.

Foto av brune bønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • brune bønner
  • brune bønner
  • brown beans
  • Swedish brown beans

Vert i utlandet gjerne kalla svenske brune bønner. Kan òg vera mørkare på farge.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD

Svarte bønner

Phaseolus vulgaris L.

Foto av svarte bønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • svarte bønner
  • svarte bønner
  • sorte bønner
  • black turtle beans
  • black beans
  • turtle beans

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Små raude bønner

Phaseolus vulgaris L.

Foto av små raude bønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • små raude bønner
  • små røde bønner
  • small red beans

Nok ein variant av vanlege bønner. Er mykje mindre enn kidneybønner. Ser litt ut som adzuki­bønner, men er større og ein annan art.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD

Hjelmbønner

Lablab purpureus (L.) Sweet

Foto av hjelmbønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • hjelm­bønner
  • hyasint­bønner
  • lablab-bønner
  • hjelm­bønner
  • hyasint­bønner
  • lablab-bønner
  • lablab beans
  • hyacinth beans
  • bonavist beans

Desse er lyse, men det finst òg ein mørk variant av hjelmbønner.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); SNL; NAOB

Svartaugebønner

Vigna unguiculata (L.) Walp. subsp. unguiculata Unguiculata

Foto av svartaugebønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • svartauge­bønner
  • svartøygde bønner
  • auge­bønner
  • svartøye­bønner
  • sortøye­bønner
  • svartøyde bønner
  • sortøyde bønner
  • øye­bønner
  • black-eyed peas
  • black-eyed beans
  • goat peas
  • cowpeas
  • cow peas
  • lobia
  • chora

Cowpeas på engelsk er eit litt meir generelt omgrep. Det same er naturleg nok augebønner på norsk. (Dei kan ha ein annan augefarge.)

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); SNL

Adzukibønner

Vigna angularis (Willd.) Ohwi & H. Ohashi var. Angularis

Foto av adzukibønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • adzuki­bønner
  • azuki­bønner
  • adsuki­bønner
  • aduki­bønner
  • adzuki­bønner
  • azuki­bønner
  • adsuki­bønner
  • aduki­bønner
  • adzuki beans
  • azuki beans
  • red mung beans
  • red cow peas

Til trass for at dei av og til vert kalla red mung beans på engelsk, er adzukibønner ein annan art enn mungbønner.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD

Mungbønner

Vigna radiata (L.) R. Wilczek var. radiata

Foto av mungbønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • mung­bønner
  • munke­bønner
  • mung­bønner
  • munke­bønner
  • mung beans
  • green gram
  • golden gram
  • maash
  • moong
  • monggo
  • munggo

Mungbønner kan anten vera brune (som på bildet) eller grøne. Oftast grøne. «Munkebønner» ser ut til å vera ei feilomsetting, men har blitt litt brukt dei siste åra, så eg tok det med i namnelista. Det er «mungbønner» som er det tradisjonelle («rette») namnet på norsk.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (bokmål)

Delte og avskala mungbønner

(Produktvariant av mungbønner.)

Foto av delte og avskala mungbønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • delte og avskala mung­bønner
  • delte og avskallede mung­bønner
  • mung dal

Delte mungbønner med skal

(Produktvariant av mungbønner.)

Foto av delte mungbønner med skal.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • delte mung­bønner med skal
  • delte mung­bønner med skall
  • mung dal chilka

Også desse kan naturlegvis ha anten brunt eller grønt skal.

Urdbønner

Vigna mungo (L.) Hepper var. mungo

Foto av urdbønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • urd­bønner
  • urid­bønner
  • urad­bønner
  • urd­bønner
  • urid­bønner
  • urad­bønner
  • urid beans
  • urad beans
  • black gram
  • black matpe beans
  • sabut urad

Urdbønner er det tradisjonelle norske namnet, mens «urad» og «urid» er dei indiske namna.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Avskala urdbønner

(Produktvariant av urdbønner.)

Foto av avskala urdbønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • avskala urd­bønner
  • avskallede urd­bønner
  • urid gota
  • urad gota

Dette er heile urdbønner, men utan det svarte skalet, så dei ser lysegule ut.

Delte og avskala urdbønner

(Produktvariant av urdbønner.)

Foto av delte og avskala urdbønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • delte og avskala urd­bønner
  • delte og avskallede urd­bønner
  • urid dal
  • urad dal

Det same som ovanfor, men delte i to.

Delte urdbønner med skal

(Produktvariant av urdbønner.)

Foto av delte urdbønner med skal.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • delte urd­bønner med skal
  • delte urd­bønner med skall
  • urid dal chilka
  • urad dal chilka

Det same som ovanfor, men med skalet intakt.

Åkerbønner

Vicia faba L.

Foto av åkerbønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • åker­bønner
  • bonde­bønner
  • heste­bønner
  • fava­bønner
  • faba­bønner
  • bønnevikke
  • velske bønner
  • åker­bønner
  • bonde­bønner
  • heste­bønner
  • fava­bønner
  • faba­bønner
  • bønnevikke
  • velske bønner
  • fava beans
  • faba beans
  • broad beans

Har inntrykk av det no er mest vanleg å kalla dette åkerbønner på norsk, og ikkje for eksempel hestebønner. Kanskje for å visa at det kan brukast til anna enn dyrefôr?

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (nynorsk); SNL

Delte og avskala åkerbønner

(Produktvariant av åkerbønner.)

Foto av delte og avskala åkerbønner.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • delte og avskala åker­bønner
  • delte og avskallede åker­bønner
  • split fava beans

Søtlupinar

Lupinus albus L.

Foto av søtlupinar.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • søtlupinar
  • søtlupiner
  • sweet lupin
  • sweet lupins
  • sweet lupine
  • sweet lupines

Åtvaring! Vanlege lupinar (bitterlupinar) er i utgangs­punktet giftige for menneske, og dei krev ein omstendeleg blaut­leggings­­prosess (i minst ei heil veke, med byte av vatn fleire gongar dagleg) for «avgifting». Dei kan faktisk vera livsfarlege å eta om ikkje denne vert følgt. Søtlupinar er enklare og tryggare. Det latinske namnet viser til kvitlupin generelt, som ikkje nødvendigvis er søtlupin. Ekstra søkeord: søtlupin; lupin; bitterlupin.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Brune linser

Lens culinaris Medik.

Foto av brune linser.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • brune linser
  • brune linser
  • brown lentils

Iallfall linsene på bildet er raude inni. Og då går dei under namnet Indian brown lentils eller sabut masoor (heile raude linser).

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk); Wikipedia (nynorsk); Wikipedia (bokmål); SNL

Raude linser

Lens culinaris Medik.

Foto av raude linser.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • raude linser
  • røde linser
  • red lentils
  • red football lenses
  • masoor

Desse er avskala, men elles heile. Raude linser er eigentleg meir rosa eller oransje enn raude – og mistar endå meir farge ved koking – men me kallar dei likevel for raude linser.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD

Raude splittlinser

(Produktvariant av raude linser.)

Foto av raude splittlinser.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • raude splittlinser
  • delte raude linser
  • røde splittlinser
  • delte røde linser
  • red split lentils
  • masoor dal

Er òg avskala.

Gule linser

Lens culinaris Medik.

Foto av gule linser.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • gule linser
  • gule linser
  • yellow lentils

Er òg avskala. Og strengt tatt er linsene på bildet gule splittlinser (dei er delte). Så til det forvirrande: Når ein snakkar om yellow lentils på engelsk (og spesielt i indiske oppskrifter), meiner ein ofte delte og avskala mungbønner, ertebønner eller til og med kikerter. Men det er altså ikkje linser; det er andre artar. På norsk unngår me problemet ved å berre kalla faktiske linser (Lens culinaris) for linser.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD

Grøne linser

Lens culinaris Medik.

Foto av grøne linser.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • grøne linser
  • grønne linser
  • green lentils

Iallfall linsene på bildet er gule inni.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD

Belugalinser

Lens culinaris Medik.

Foto av belugalinser.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • belugalinser
  • svarte linser
  • belugalinser
  • svarte linser
  • sorte linser
  • beluga lentils
  • black lentils

Har fått namnet fordi dei liknar på beluga­kaviar. Kan vera blanke (som på bildet) eller meir matte.

Kjelder: GRIN-Global; SKUD

Puy-linser

Lens culinaris Medik.

Foto av Puy-linser.

Nynorsk Bokmål Engelsk/indisk
  • Puy-linser
  • franske grøne linser
  • Puy-linser
  • franske grønne linser
  • Le Puy green lentils
  • Puy lentils
  • French green lentils
  • DuPuy lentils
  • Doupoui lentils

Vert av og til kalla delikatesse­linser (som eigentleg bør vera eit meir generelt ord).

Kjelder: GRIN-Global; SKUD; Wikipedia (engelsk)

Produkt, artar, underartar og kultivarar

Merk at kvar rad viser eit produkt ein kan få kjøpt (i norske butikkar), ikkje ein art. For eksempel finst det for arten urd­bønner fire oppføringar/produkt:

Merk òg at det for alle artar finst mange ulike under­artar og kultivarar. For eksempel høyrer borlotti­bønner, kvite bønner og svarte bønner alle til same art (Phaseolus vulgaris L.), sjølv om dei ser svært forskjellige ut. Det latinske namnet viser stort sett berre til arten.

Namn og kjelder

Generelt står dei mest vanlege og/eller spesifikke namna først (både på norsk og engelsk/indisk). Der det finst fleire alternative norske namn, har eg prøvd å setja det mest vanlege eller det mest «offisielle» namnet som det anbefalte. I nokre tilfelle har eg måtta bruka skjønn. For produkt­variantar, for eksempel delte og avskala variantar, oppgjev eg berre det anbefalte namnet.

Eg har prøvd å oppgje nokre kjelder for alle oppføringane, og føretrekker dei meir «offisielle»/pålitelege kjeldene, som arts­leksikon, Store norske leksikon og ord­bøker. Men eg har òg sett i ulike gamle koke­bøker for å sjå kva namn som har blitt brukt på norsk. (Men fleire koke­bøker er omsette frå engelsk og har brukt feil norske namn.) Har òg henta ein del informasjon frå Wikipedia, men har då prøvd å jamføra med andre kjelder, sidan Wikipedia viste seg å ikkje alltid vera så påliteleg (eller internt konsistent).

Spørsmål og kommentarar

Tar gjerne imot spørsmål eller tips til rettingar eller forbetringar.

8 kommentarar

  1. I jakta på eit norsk ord for «faba (fava) bean» kom eg over sida di – takk! Kjempebra side for folk som omset og les korrektur!

    1. Ja, det heiter ertebønner på norsk. Ifølgje Wikipedia vert «gungo peas» brukt i engelskspråklege delar av Karibia. Namnet kjem frå «congo peas» (norsk: «kongoerter»). Gungo beans er vel berre ei feilskriving/forveksling av gungo peas. Men no står iallfall begge skrivemåtane her på sida, slik at ein kan finna det norske namnet via eit nettsøk.

  2. Tusen takk for den grundige jobben du har gjort her – helt supert hjelpemiddel når oppskriften står på engelsk og en vet den er god, og gjerne vil bruke helt riktig ingrediens! 🙂

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.