Karl Ove Hufthammer

Mandriva Linux 2009 Spring ute

Linux-distribusjonen Mandriva Linux er no ute i ny versjon, Mandriva Linux 2009 Spring. Sjå den offisielle heimesida for ei oversikt over alt som er nytt, samt anna informasjon om denne versjonen.

Distroen er i likheit med førre versjon 100 % omsett til nynorsk (og bokmål) (gjeld alle Mandriva-spesifikke programma, men ikkje pakkeskildringane). Mandriva Linux er den Linux-distroen med best nynorskstøtta! Og finn du ein skrivefeil eller noko som kan forbetrast i omsettinga, er det berre å ta kontakt med meg, so skal eg retta det før du får sagt kaka.

Ein annan flott ting som skil Mandriva frå andre distroar, er det fine grafiske kontrollsenteret, der du har enkel tilgang til alle systeminnstillingane:

Og mens du med for eksempel Windows må betala fleire tusenlappar, og for dette berre får eit reint operativsystem, med knapt nokon program (minesveipar, kabal og litt til), får du Mandriva Linux heilt gratis, og tusenvis av medfølgjande program, alt i frå teksthandsaming til spel, inkludert mange barnespel og pedagogiske program, og veldig mange av dei på (ny)norsk. Det er for øvrig kjempelett å installera nye program (spesielt samanlikna med Windows). Og ja, du får òg minesveipar og kabal (med flott grafikk, og mange kjekke kabalvariantar) – og til og med eit tekokeprogram, som iallfall eg har hatt stor nytte av!

Elles, viss du ønskjer One-utgåva, er det viktig å vera klar over at denne kjem i fleire språkversjonar, og standardutgåva støttar berre engelsk og dei største europeiske språka, ikkje norsk. For oss norskar er det «europe2»-utgåva som gjeld. Denne kan du for eksempel lasta ned direkte frå ein tenar i Norge. Du kan òg lasta ned Free-DVD-en, som ikkje inneheld nokon ufrie drivarar (typisk for skjermkort og trådlauskort), men inneheld fleire program enn det var plass til på CD-en. (Uansett kven av dei du vel, har du tilgang til alle programpakkane via nettet.)

Til slutt: Sjølv om Mandriva Linux er gratis, er det ikkje gratis å laga. Eg vil derfor anbefala deg å abonnera på Powerpack-utgåva. Då får du, i tillegg til å støtta utviklinga av Mandriva, òg nokre kommersielle program med på kjøpet, og to utgåver av Powerpack (denne og neste) i året, alt dette for 69 euro (rundt 600 kroner). Viss du berre vil ha den gjeldande Powerpack-utåva, får du ho for 59 euro.

3 kommentarar

  1. Mandriva var i sin tid den distroen som gjorde at jeg fikk troen på at Linux var et reelt alternativ til Windows. Dessverre ga ikke Mandriva-communityet den hjelpen og støtten en linux-newbie trengte, veien var derfor kort til Ubuntu og senere Linux Mint.

    Kjenner du til noen forum eller communityer, bortsett fra de offisielle, som gir god støtte for Mandrivabrukere?

    Har du erfaring med bruk av Powerpack? Er den verdt prisen??

  2. Eg ville i utgangspunktet rekna med ein var godt nok støtta via dei offisielle alternativa på http://www.mandriva.com/en/support/. Her er det både vevbasert forum og mange e-postlister («newbie» og «expert» er vel dei mest aktuelle). E-postlistene er òg tilgjengelige via vev- og news-grensesnitt via Gmane, for dei som føretrekkjer det (merk at gruppene av historiske grunnar har «mandrake» i staden for «mandriva» i namnet sitt her).

    Når det gjeld uoffisielle grupper, las eg nylig på gruppa no.it.os.unix.linux.diverse at det finst ei alt.os.linux.mandriva-gruppa, men denne har ikkje eg tilgang til, so eg veit ikkje noko om kor god ho er.

    Elles finst det jo alltids generelle Linux-forum. På norsk har me for eksempel forumet på Linux1.no. Her er både Mandriva-spesifikke og andre spørsmål velkomne. Har eigentlig litt vanskelig å tru at for eksempel Linux Mint har særlig betre eller fleire støttealternativ. ☺

  3. Ja, det gløymte eg visst: Ja, eg har mykje erfaring med PowerPack. Som Mandriva-omsettar får eg PowerPack gratis, og eg har òg tidligare kjøpt ein versjon. Men eg har ikkje veldig sansen for ikkje-frie program, so for meg gjev ikkje Powerpack serlig tilleggsverdi. Einaste grunnen til at eg ville kjøpa PowerPack ville vore å støtta utviklingsarbeidet. Men for andre kan nok Powerpack vera midt i blinken.

    Sjølv pleier eg å velja kva Mandriva-«versjon» eg brukar ut frå korleis det aktuelle temaet (bakgrunnsbilde og oppstartsbilde og sånt) ser ut. For Mandriva Linux 2009 Spring føretrekker eg Free-utgåva. ☺

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.