Karl Ove Hufthammer

IFComp 2003

No er det endelig klart for den årlige teksteventyrkonkurransen – IFComp 2003.

I år deltar 30 spel, og som før kan kven som helst vera med som dommar (du må berre spela minst fem av spela). Premiar til konkurransen er for øvrig òg velkomne.

Dette blir grådig kjekt!

4 kommentarar

  1. Åh! Vi hadde eit teksteeventyrspel på den gamle datamaskina vår, men eg skjønte lite og prøvde alltid med alt for fantasifulle kommandoar, eller brukte berre opp att dei få eg hadde skjønt virka. Eg døydde alltid ganske raskt. Det var ei slik datamaskin med flate, store diskettar. Vi har den endå, og eg har ofte tenkt at eg skulle prøve det igjen. Eg visste ikkje at det var utbreidt.

  2. Jo, teksteventyra lever i beste velgåande, med mange titals utgitte spel gratis kvart år, ein stor, årlig konkurranse (pluss fleire små), eit par elektroniske blad og to temagrupper.
    Men teksteventyra no er noko heilt anna enn dei var før. Det finst spel av svært høg litterær kvalitet, og med engasjerande handling. Det er òg slutt på avgrensinga med to-ords «verb substantiv»-kommandoar.

    Du skriv at du døydde ganske raskt i spelet. Vel, i ein del moderne teksteventyr kan du faktisk ikkje dø, eller kjøra deg fast. Dette gjeld spesielt spel som legg meir vekt på handling enn tradisjonell oppgåveløysing. Kjekt for oss som ikkje likar å dø!

    Teksteventyr er for øvrig ikkje nokon einsarta speltype. Dei kjem i alle variantar og sjangrar – alt frå krim, komedie, drama, science fiction og skrekk.
    Men i staden for å gå tilbake det gamle spelet, vil eg rå deg å sjå på nyare spel. Eg vil spesielt anbefala spelet Photopia, som vann teksteventyrkonkurransen i 1998 (i konkurranse med 27 andre spel!).

    Spelet finn du i Windows-versjon på http://mirror.ifarchive.org/if-archive/games/glulx/photo201.zip.

    Det er fleire grunnar til at eg anbefalar dette:

    1. Det er lett, sjølv for nybegynnarar, og omtrent umulig å setta seg skikkelig fast i. (Viss du sit fast, so berre utforsk, so kjem du nok vidare.)
    2. Det inneheld ein kort introduksjon til korleis du spelar teksteventyr.
    3. Det er tekstlig godt (men merk: det er mykje tekst).
    4. Det har ei spennande handling (som du først forstår heile av etter at du har fullført spelet (eller kanskje spelt gjennom det eit par gongar)).
    5. Det er eit av favorittspela mine, og det første moderne teksteventyret eg spelte.
  3. Kjenner du til noen teksteventyr på norsk? Det eneste jeg vet om er (det ganske enkle) The Warrior av Daniel Flathagen, fra 1999. Ikke at jeg har vansker med å forstå engelske teksteventyr (som ofte er en fremragende måte å utvide ordforrådet på), men det hadde vært artig å vite om det er flere her på berget som har tatt seg tid til å utvikle slike spill på sitt eget mål.

  4. Det einaste norske spelet eg kjenner til, er Prinsessen i berget det blaa, for Spectrum. Eg har ikkje prøvd dette sjølv.

    Men eg òg hadde likt å sjå norske teksteventyr. Denne typen interaktiv fiksjon har stort potensial, og det er i prinsippet ingen grunn til at han ikkje kan helda like store litterære kvalitetar som annan skjønnlitteratur.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.