Karl Ove Hufthammer

Den store søvnen

I niaren i kveld, tysdag, sender NRK2 filmen Den store søvnen – ein god, gammal(dags) detektivfilm i film noir-sjangeren, med Humphrey Bogart i rolla som Philip Marlowe. Du kjenner nok typen: Ein alltid rettferdssøkande, men kynisk whiskydrikkande privatetterforskar i ei mørk, korrupt verd der ingen er til å stola på – og alle har noko å skjula.

Noko av det som gjer filmen so bra er, kanskje overraskande nok, humoren. Nesten kvar einaste replikk som fell inneheld ei eller annan vittigheit, gjerne tørr, men alltid raffinert. Dette er den typen humor eg set høgast, og forfattar og manusforfattar har gjort ein kjempejobb.

Elles trur eg aldri eg fekk heilt med meg kven som var mordaren (og kven som vart myrda vart faktisk òg fort gløymt – eg er elendig til å hugsa sånne detaljar, endå eg elskar kriminalfortellingar). Men om eg ikkje hugsar feil, har forfattaren av boka som filmen er bygd på òg innrømt at han ikkje heilt hadde snøringa på alle morda. Men det gjer uansett ingenting; det er replikkane og enkeltscenene som held filmen oppe, og det gjer dei til fulle.

Dette er ein av dei svært få filmane eg har valt å gje 10 av 10 mulige poeng på IMDb. Det er vel unødvendig å nemna at det er ein av favorittfilmane mine. Kva enn du enn gjer, gå ikkje glipp av denne perla av ein film i kveld!

1 kommentar

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.