Karl Ove Hufthammer

Dalziel og Pascoe

Endelig er det klart for den britiske krimserien Dalziel og Pascoe på norske skjermar. NRK sender serien i detektimen tre fredagar framover, og forhåpentligvis endå meir seinare, dersom serien vert ein suksess. Og noko anna ein suksess vil vera merkelig!

Serien handlar om Andy Dalziel, ein grov, brautande, ufølsam, mannssjåvinistisk og generelt politisk ukorrekt overbetjent, med eit oppsyn som kan skremma fanden på flatmark (sjå representative bilde rundt om på sida), og som saman med den meir hyggelige og høflige betjent Pascoe løyser britiske krimmysterium på halvannan time.

Historiane er spennande, med velskreven og til tider ganske vittig dialog. Og episodane vert stadig betre, etter kvart som me vert meir kjende med hovudpersonane. Nokre av dei seinare episodane er etter mi meining noko av det beste som er laga av britisk krim (andre er mindre bra).

Ein liten merknad til slutt: Til tross for NRKs hallomann, overbetjenten heiter ikkje «disel»; namnet skal uttalast «di-ell». Imponer vennar og kjende med å uttala det rett!

No gjenstår det berre å benka seg framfor skjermen fredag klokka 22:10. Kanalen er NRK1.

4 kommentarar

  1. Namnet er eit gammalt skotsk slektsnamn. Etter det eg har forstått, var z-en eigentlig bokstaven yogh, som såg ut som ein slags z (men ofte vart uttalt som noko meir liknande engelsk y), og som seinare gjerne vart nedskriven som z eller gh.

    Skotske skrivemåtar av namn har ofte heller lite med korleis dei skal uttalast. (Og i dette tilfellet er det jo eigentlig berre første og siste bokstav som vert uttalt.)

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.