Karl Ove Hufthammer

Charlie’s Angels: Full Throttle

12. juli 2003

I går var eg og òg såg Charlie’s Angels: Full Throttle på kino. Men det var ikkje med vilje.

Eg hadde eigentlig tenkt Ã¥ sjÃ¥ reprisen pÃ¥ Chihiro og heksene, men so var eg litt sinnsforvirra dÃ¥ – som eg gjerne er – og klarte Ã¥ gÃ¥ inn i feil sal. Etter eit kvarter eller so oppdaga eg òg dette. Men dÃ¥ vart eg like godt sittande.

Filmen Chihiro og heksene (som for øvrig vann Oscar for beste animasjonsfilm og for tida ligg pÃ¥ 44. plass pÃ¥ IMDbs brukarstyrte liste over dei beste filmane) er ein av dei flottaste, mest fantasirike filmane eg nokon gong har sett. Charlie’s Angels er, øh, meir pÃ¥ hi sida av skalaen – for Ã¥ seia det litt forsiktig. Jo mindre sagt om filmen, desto betre.

Men Chihiro og heksene vil eg anbefala pÃ¥ det aller, aller varmaste. Det er ikkje kvar film ein set opp som reprise pÃ¥ kino (genialt konsept, forresten). Har du ikkje sett han, eller sjølv om du har det, gÃ¥ og sjÃ¥ han. Det skal eg. PÃ¥ søndag. Viss eg kjem rett …


Etterord: Eg kom rett. Og filmen var heilt so god som eg hugsa!

Emne: Film og fjernsyn

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg kommentar til Karl Ove Hufthammer





Du kan bruka dei vanlegaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlege linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.