Karl Ove Hufthammer

Automatisk nedlasting av dagens bilde

Dagens bilde

På Wikipedia og Wikimedia Commons kan me kvar dag lasta ned dagens bilde:

Dette er ofte flotte bilde, som passar bra som bakgrunnsbilde på skrivebordet. Derfor har eg laga eit lite skript (for Linux) som automatisk lastar ned dagens bilde pluss litt bildeinformasjon.

Skript: dagens-bilde.sh

Når me kjører skriptet, vert dagens bilde frå datoen start (standard: 2004-11-01) til datoen slutt (standard: dagens dato) lasta ned og plasserte i mappa ~/dagens-bilde (endra variablane start og slutt i skriptfila for å endra kva dagar bilda skal lastast ned frå, og variabelen mappe for å legga dei ein annan plass). Skriptet lagrar òg infofilene i undermappa info, samt informasjon om kva datoar som bilde er lasta ned for, og lar vera å lasta ned bilde frå desse datoane på nytt att. Viss du kjører skriptet kvar dag, vil det med andre ord berre lasta ned dagens bilde.

Elles er det greitt å legga skriptkommandoen i ein crontab for automatisk nedlasting kvar dag.

Skiftande bakgrunnsbilde

Bildene passar veldig bra som bakgrunnsbilde på skrivebordet, og me kan lett setta opp KDE til å byta bakgrunnsbilde automatisk med visse tidsintervall:

  1. Høgreklikk på skrivebordet og vel Set opp bakgrunnen.
  2. Under Bakgrunnsbilete, vel Lysbiletvising som Type.
  3. Trykk Legg til mappe. Naviger til mappa der bilda ligg, og OK deg ut.
  4. Sjå til at Plassering er sett til Skalert og kutta.
  5. Trykk OK, og nyt dei stadigendrande, flotte bakgrunnsbilda.

Dei siste tekniske detaljane

Skriptet prøver å vera litt smart. Det vil berre lasta ned bilde det trur kan eigna seg som bakgrunnsbilde – bilde som har følgjande eigenskapar:

Du kan sjølvsagt lett tilpassa skriptet til strengare eller mindre strenge krav.

I tilegg kan det skje at same bilde vert «dagens bilde» fleire gongar (for eksempel éin gong på Wikimedia og ein annan gong på Wikipedia). Derfor kjører skriptet automatisk ein sjekk etter duplikatbilde, og slettar dei. Koden for dette er ei lita modifisering av eit skript av Jarno Elonen.

Til slutt vil eg legga til at du kjører skriptet på eige ansvar. ☺ Men eg har iallfall kjørt det kvar morgon i fleire månader utan problem.

Spørsmål? Problem?

Har du spørsmål, problem eller kommentarar, so legg gjerne inn ein kommentar eller send meg ein e-post.

1 kommentar

  1. Til orientering har eg no oppdatert skriptet til å fungera med dei nye formata på Wikipedia- og Wikimedia-sidene. Skriptet lastar òg no ned bilde for alle dagane til og med dagens dato som standard.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.