Karl Ove Hufthammer

9:05

You’ve screwed up on the job before, but never like this. You’ve overslept in a major way, and you’re in for a world of trouble if you don’t act fast.

Dette er introduksjonteksten til teksteventyrspelet 9:05, som eg nettopp har spelt. Det eit kort og ganske enkelt spel, men med ei interessant overrasking. Absolutt anbefalt for andre som òg likar teksteventyr.

Elles kan eg nemna at nettsida til den store teksteventyrkonkurransen 2003 no er oppe. Men sjølve konkurransen startar ikkje før i oktober, som tradisjonen er.

Sjølv om det hadde passa bra, skal eg ikkje gå inn på og fortella om teksteventyrspeltypen no, om kor høgst levande han er, med mange titals spel utgitt (gratis) kvart år, om kor høg litterær og teknisk kvalitet mange av desse har, og om alle sjangrane spela kjem i (alt frå krim, komedie, drama, science fiction og skrekk). Det overlèt eg til eit seinare innlegg.

2 kommentarar

  1. Nok en norsk blogg å følge med på

    Bloggleselista vokser stadig. Siste inn er Karl Ove Hufthammers blogg, hvor jeg nettopp leste en ektefølt kjærlighetserklæring til teksteventyr.

  2. Eg har ikkje lagt ut nokon andre omtalar av teksteventyr her på bloggen, men no kan de lesa omtalane mine på IFDB. Men eg har spelt og gjeve karakter til mange fleire spel enn eg har skrive omtalar av, so sjå òg spelkarakterane mine (rundt 80 stykk per 2009-05-29).

    Teksteventyr kjem vanligvis som små spelfiler, og det finst mange ulike program som kan kjøra spelfilene, på alt frå Windows og Linux til mobiltelefonar. Men no kan me òg spela teksteventyr direkte i nettlesaren, utan å installera nokon tilleggsprogram, med Parchment.

    Eit av mine favoritteksteventyr er Photopia, som du kan spela direkte her. Photopia passar spesielt bra for nybegynnarar, då det er rimelig enkelt, kort, ekstremt velskrive, og har ei fin innebygd innføring i konsepta og kommandoane ein treng kunna for å spela teksteventyr. Det er med andre ord berre å hoppa rett i det! (Og hugs å svara ja på spørsmålet om fargar når spelet startar.)

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.