AbiWord

Siste nytt

2005-11-18
Eg har no kutta ut nynorskomsettinga av AbiWord, då eg ikkje brukar programmet sjølv lenger. Programmet er framleis tilgjengelig på nynorsk (og det meste er omsett), vert aktivt utvikla og får stadig nye og avanserte funksjonar; men nynorskomsettinga vert ikkje lenger oppdatert (med mindre nokon tar på seg det arbeidet). Den nyaste utgåva finn du på den offielle AbiWord-nettstaden. Informasjonen nedanfor er for øvrig noko utdatert.
2003-06-18
Eg har lagt til ei diskusjonslista for nynorskomsettinga.
2002-09-24
Ei ny utgåva av AbiWord (1.0.3) ligg klar på AbiWord-nettstaden. Ei oversikt over endringane finn du i versjonsnotata.

Kva er AbiWord?

AbiWord er eit gratis (og på alle måtar fritt) tekstbehandlingsprogram under utvikling. Det finst tilgjengeleg på mange språk, og grunnen til at du er her, er nok at det òg finst tilgjengeleg på nynorsk. (Ja, òg bokmål, viss du lurar på det.)

I tillegg til dette finst programmet for fleire plattformer – Windows, Linux, BeOS og MacOS X.

Korleis ser det ut?

Brukargrensesnittet er utforma for å likna Microsoft Word og andre populære tekstbehandlingsprogram i stor grad. Dette er fordi det skal vera lett å hoppa over frå andre program til AbiWord. Eit av utformingskriteria er for øvrig at programmet i det heile skal vera så lett å bruka som ein kan få det. Nedanfor ser du eit bilete der eg redigerer eit dokument.

[Bilete frå AbiWord. 19 KiB PNG.]

Filformat og funksjonar

AbiWord brukar sitt eige filformat, med etternamn .abw eller .zabw (sistnemnte er det same som førstnemnte, men i komprimert form). Filformatet er ein XML-applikasjon, som gjer informasjonsutveksling veldig enkelt. Men i tillegg kan sjølvsagt AbiWord importera og eksportera filer i andre format, som Microsoft Word-dokument. Her er eit oversikt:

Format AbiWord kan lesa

Format AbiWord kan lagra til

Som du ser støttar ikkje AbiWord lagring i Microsoft Word-format (enno), men dette er ikkje noko problem. Du kan fint bruka RTF i staden for. Faktisk brukar nokre versjonar av Word RTF sjølv når du lagrar i Word 6.0-format.

Funksjonar i AbiWord

AbiWord støttar mange (til dels avanserte) funksjonar:

Merk at gjeld versjon 1.0.3. Det vil komma mykje nytt etter kvart!

Kor kan programmet lastast ned frå

Informasjon om alt dette finn du på den offisielle AbiWord-nettstaden. Her kan du lasta ned rett versjon for di plattform, lasta ned ymse programtillegg, eller ta ein kikk på kjeldekoden om du er interessert i det (me treng alltid nye utviklarar, så om du kan programmera er det berre å slengja seg på).

Nynorsk brukargrensesnitt

Har du dei rette innstillingane, startar programmet automatisk på nynorsk. Viss ikkje, trengst det litt arbeid, men slapp av – ikkje veldig mykje. Du treng berre redigera litt i ei fil (i framtidige versjonar vil me ha ein eigen dialogboks for språkval).

Brukar du Windows-versjonen, kan du lasta ned oppsettfila ferdig redigert. Plasser denne der oppsettfilene ligg (ofte «C:\Windows\AbiSuite\») (overskriv fila viss ho allereie finst). Start so AbiWord, og du vil no ha heile programmet på nynorsk.

For andre versjonar kan du òg bruka same fil, men plasseringa vil vera annleis. Slå opp i hjelpefila til AbiWord for meir informasjon.

Norsk stavekontroll

Me har stavekontroll for nynorsk og bokmål:

Nynorsk
Bokmål

For at programmet skal forstå at ein tekstbit er på nynorsk, må du markera teksten og velja «Verktøy | Språk | Språk | Norsk (nynorsk)», eventuelt «Norsk (bokmål)». Men merk at viss du har lasta ned oppsettfila nemnt ovanfor vil automatisk alle nye dokument ha nynorsk som standardspråk.


Eg (Karl Ove Hufthammer) set alltid pris på kommentarar og tilbakemeldingar.

Sida er laga med gyldig CSS (stilsett). Ho er òg sett saman med gyldig XHTML 1.1.