Karl Ove Hufthammer

Wormux 0.8.4 ute – på nynorsk

Wormux er no ute i versjon av 0.8.4, og noko av det nye er at spelet har fått nynorsk språkdrakt.

I Wormux spelar du mot vennane dine, i ein kamp på liv og død. De styrer kvart dykkar lag med merkelige vesen, og målet er å ta livet av alle på dei andre laga, med til dels fantasifulle våpen (kva med ein flygande gnu‽). Wormux er kanskje voldelig, men det er snakk om uskyldig «teikneserievold», og spelet er heller humoristisk, med fargerik grafikk og munter musikk.

For oss som er eldre nok til å hugsa Gorillas og Scorched Earth (for ikkje å snakka om dei nyare Worms-spela), er dette ei kjærkomen oppdatering av eit gammalt konsept.

Spelet er fritt og gratis, og kan lastast ned frå Wormux-heimesida, for både Linux, Windows, og Mac, blant anna. Og viss det har kommentarar til nynorskomsettinga, er det berre å senda meg ein e-post, eller legga igjen ein kommentar her på sida.

5 kommentarar

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.