Karl Ove Hufthammer

Vidaresending med Apache

Apache er ein av dei mest brukte og beste vevtenarane. Ved hjelp av ei lita tekstfil kan du vidaresenda brukarar og søkemotorar som besøker ei (flytta/utdatert) adressa til ei anna. Denne artikkelen viser korleis.

For litt bakgrunnsinformasjon om vidaresending kan du sjå artikkelen «Lenkjeròte og vidaresending» (dette er imidlertid ikkje nødvendig).

For å gjera vidaresendingar, opprettar du ei tekstfil med namnet .htaccess (merk punktumet) der heimesida di ligg. Inni fila skriv du linjer på følgjande form (på ei linja):

Redirect permanent /gratisdataspel/ http://www.gratis-kvalitetsdataspel.org/

Denne vidaresendinga brukar eg sjølv på denne nettstaden. Når nokon (nettlesarar/brukarar eller søkemotorar/robotar) prøver å få tilgang til http://huftis.org/gratisdataspel/, blir dei automatisk vidaresendt til http://www.gratis-kvalitetsdataspel.org/. Den andre adressa vera absolutt, altso ha med http://, sjølv om ho viser til same nettstad/domene.

Eksemplet gjeld ei varig vidaresending (HTTP-kode 301). Du kan òg bytta ut ordet permanent med eit av desse:

temp
Mellombels vidaresending (HTTP-kode 302).
seeother
Vidaresending til ei anna (relatert) side (HTTP-kode 303).
gone
Sida er fjerna (HTTP-kode 410). Her tar du ikkje med den andre adressa.

Du kan òg bytta ut permanent med nummeret til andre HTTP-kodar. For meir informasjon, sjå den offisielle Apache-dokumentasjonen.

5 kommentarar

  1. Jeg en en flittig bruker av videresending på mine nettsteder. Noe jeg lenge har lurt på er hvor lenge jeg burde vente før jeg sletter oppføringene i .htaccess? Hvis dette gjelder nettsider som jeg antar ingen andre enn søkemotorer har lenke til så pleier jeg å la de ligge i omtrent fire måneder. Men hva er egentlig «god praksis»? Jeg har jo heller ikke lyst til å la de ligge å hope seg opp i .htaccess, for det er upraktisk med for mange oppføringer synes jeg.

  2. Eg synest god praksis er å la oppføringane ligga der evig. Det finst alltid folk som har lenkjer til sidene, eller bokmerke til sidene, eller kanskje adressene på utskrifter.

    Viss du absolutt ikkje ønskjer å ha oppføringane der evig, kan følgjande regel brukast: Viss du etter 20 år framleis ikkje har fått eit einaste treff på dei gamle adressene, kan oppføringane fjernast.

    Når det gjeld det reint tekniske, at mange oppføringar fører til meir arbeid for vevtenaren, er dette nesten ikkje sant. Det kan kanskje samanliknast med å legga eit papirark i ei bokhylla full av bøker. Jo, hylla vert tyngre av det, men forskjellen har absolutt ingenting å seia i praksis.

  3. Takk skal du ha. Spesielt var ditt siste avsnitt betryggende for meg, for dette var jeg usikker på hvordan er.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.