Karl Ove Hufthammer

Tux Paint 0.9.14 er ute – pressemelding

12. oktober 2004 (Internett) – New Breed Software er stolte over å kunna melda årets første utgåve av Tux Paint 0.9.14, det kritikarroste teikneprogrammet for barn. Dei siste ni månadene er det gjort mange forbetringar, og komme til fleire nye funksjonar etterspurde av både lærarar og foreldre.

Tux Paint 0.9.14 har blant anna eit nytt oppsettverktøy, samt ein flott, ny fargeleggingsboksfunksjon. Og grunna det internasjonale utviklingslaget og fokuset er programmet no tilgjengeleg på heile 46 språk, inkludert nynorsk og bokmål.

Høgdepunkt

Nye funksjonar

  • Mac OS X- og Windows-brukarar vil setja pris på det nye grafiske oppsettprogrammet som gjer det mogleg for foreldre og lærarar å endra alle innstillingane utan å måtta røra ei einaste oppsettfil for hand. (Skjermbilete)
  • Tux Paint støttar no fargelegging av ferdiglaga teikningar. (Skjermbilete) I tillegg gjev nye tolags teikningmalar ein flott 3D-effekt med både bakgrunns- og forgrunnsbilete. (Skjermbilete)

Forbetringar

  • Viskelêret kjem no i fleire storleikar.
  • Ei låsfil hindrar overivrige smårollingar frå å starta fleire utgåver av Tux Paint samtidig når dei trykkjer mange gongar på det nye ikonet.
  • Fargetoning av stempelteikningar fungerer betre.

Betre språkstøtte

  • 11 nye og til saman 46 språk er no støtta, og nesten alle dei gamle omsetjingane er oppdaterte. Dei nye språka er afrikaans, kviterussisk, bretonsk, bulgarsk, kroatisk, hindi, serbisk, slovensk, kinesisk (tradisjonell), vietnamesisk og walisisk.
  • Omsetjingar av stempelbileta vert no gjort med standardverktøya gettext.

Nye stempelteikningar

  • Fleire av dei gamle stempla er forbetra, og mange nye er lagt til, blant anna bilar, kanadiske myntar, påske, fyrverkeri, frukt, lyktemann og sjødyr.

Feilrettingar

  • Ei rekkje både store og små feil er retta opp i denne utgåva.

Ei fullstendig liste over endringane finn du i endringsloggane for Tux Paint og for stempelbileta.

Korleis få tak i Tux Paint 0.9.14?

Alle kan fritt lasta ned Tux Paint 0.9.14 frå nedlastingssida http://www.tuxpaint.org/download/. Her finn de installasjonsprogram og kjeldekode for Microsoft Windows og fleire Linux-distribusjonar.

Tux Paint er heilt gratis, og all kjeldekode, medfølgjande teikningar og hjelpetekstar ligg under ein fri open kjeldekode-lisens.

Korleis kan eg hjelpa til?

Tux Paint er utvikla på dugnad og med bidrag frå over 80 menneske frå alle kantar av verda. Sjå støttesida for å læra meir om korleis du eller verksemda di kan støtta utviklinga av Tux Paint.


Varemerker: Linux er eit registrert varemerke tilhøyrande Linus Torvalds. Apple og Mac OS X er registrerte varemerker tilhøyrande Apple Computer, Inc. Microsoft og Windows er registrerte varemerke tilhøyrande Microsoft Corp.

Pressemelding skriven av: William Kendrick
Omsett av: Karl Ove Hufthammer

Pressekontaktar

Asia
Muguntharaj
Malaysia
Email: mugunth@thamizha.com

Nord-Amerika
William Kendrick
2210 Rock St. #33
Mountain View, CA 94043
USA
Phone: (650) 691-0498
Email: bill@newbreedsoftware.com

Sør-Amerika
Gabriel Gazzán
Tacuarembó 1442 Of. 1116
Montevideo
Uruguay
Phone: (598-2) 309-1158

 

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.