Karl Ove Hufthammer

Mine tankar om Echo

30. juni 2003 (oppdatert 31. mai 2009)

Eg har ikkje ønskja å vikla meg inn i debatten om den nye RSS-arvtakaren Echo, som nokon har starta. Eg har ikkje hatt noko tiltru til prosjektet, men har allikevel hatt eit lite håp om at noko godt ville komma ut av det. Håpet var lite verdt.

Tidligare har utviklarar av RSS-formatet, og ikkje minst RSS-verktøy har ein utrulig mangel på grunnleggande kunnskap om XML (språket RSSer bygd på), og resultatet har blitt noko som HTML-taggsuppa er sjølve himmelriket samanlikna med. Eg har tidligare prøvd å debattera emnet fleire gongar, men det vart berre so frustrerande at eg fekk direkte vondt inni meg berre av å tenka på saka. Derfor lova eg meg sjølv å halda meg langt vekk frå RSS-diskusjonar på veldig lenge. Det løftet har eg halde.

Men no vil ein tydeligvis gjenta alle feila med RSS i det nye prosjektet Echo. Eg orkar ikkje involvera meg serlig i denne debatten heller, av frykt for magesår og det som verre er, men vil iallfall seia meg heilt einig med Norman Walsh i hans innlegg: I’m just appalled.

Les gjerne òg kommentaren min nedst i innlegget hans for litt meir om kva eg meiner.

Emne: Nettsideutvikling

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.