Karl Ove Hufthammer

T-skjortebretting

23. august 2004

Slashdot er ein nettstad med tilsynelatande endelause, ofte barnslige og uopplysande diskusjonar om ymse «nerdeting». Men av og til dukkar det opp enkelte stjerneglimt, som her:

Denne filmen viser ein genial, kjapp og utrulig stilig måte å bretta T-skjorter på. Og det verste av alt er at det verkar. Prøv sjølv, og imponer svigermor!

Og for å halda fram i folkeopplysingas ånd kan eg nemna at T-skjorte skriv me slik på norsk, med stor «T». Skjorta er forma som ein «T», derav namnet. Og dei som den siste tida har komme og begynt å skriva og seia «t-shirts», «tee-shirts» og liknande vil verta dei første opp mot veggen når revolusjonen kjem! Berre til orientering, altso. Takk!

Emne: Ymse

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.