Karl Ove Hufthammer

SuperTuxKart på nynorsk

17. juli 2011

Rundt år 2000 dukka bilspelet TuxKart opp, sterkt inspirert av Mario Kart. Det hadde kjip grafikk og var ikkje noko gøy å spela. Dei neste åra vart det forbetra, men det var framleis kjipt – kjipt men lovande. Til slutt stoppa utviklinga heilt opp. Men spelet var fri programvare, so andre kunne ta tak i det og utvikla det vidare. Og no, mange år seinare, har me endelig fått eit kjempegøy bilspel med flott grafikk og musikk, under namnet SuperTuxKart. Og i siste versjon har me det òg på nynorsk! Slik ser det ut:

[SuperTuxKart-bana «Herlege høyballar.]

Bana på bildet heiter «Herlege høyballar», og her er «Solfylte sanddyner» (ja, bokstavrim banenamna er populært):

[SuperTuxKart-bana «Solfylte sanddyner».]

Sjølve spelet er so enkelt som eit bilspel skal vera: Det er om å gjera å komma først i mål. Mot deg har du éin eller fleire datamotstandarar (opp til 19!). Og det er lov å bruka skitne triks, som å hiva muffins på motstandarane! Og muffins er berre eitt av mange våpen:

[Oversikt over alle våpna som finst i SuperTuxKart.]

Når du begynner å spela, er det ikkje so mange baner å velja mellom, men etter kvart som du klarer ulike utfordringar, som å fullføra eit løp under ei viss tid, eller å vinna eit løp mot nokre vanskelige motstandarar, låser du opp nye og spennande baner. Og klarar du alle utfordringane, får du ein ny figur å spela.

Spelet er tilgjengelig for blant anna Linux og Windows, og er heilt gratis, so det er berre å stikka innom heimesida og lasta det ned. Og har du kommentarar til nynorskomsettinga, meld frå til meg, so skal eg retta det opp til neste versjon.

Me avsluttar med eit bilde frå bana «Skottland»:

[SuperTuxKart-bana «Skottland.]

Emne: Programvare

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.