Karl Ove Hufthammer

Sugar

28. mars 2004 (oppdatert 21. mai 2009)

Eg har nylig vore og sett musikalen Sugar (lesehjelp: tittelen er engelsk) på Den nationale scene, her i Bergen. Og det var fryktelig kjekt!

Stykket er basert på filmen Noen har det hett frå 1959, og handlar om to arbeidslause musikarar, som kler seg ut og blir med i eit dameorkester for å skjula seg frå ein gjeng gangsterar. Sånt blir det sjølvsagt forviklingar av!

Eg har tidligare nemnt fleire gongar kor eg mislikar minimalistisk scenografi. Eg veit det er mange som meiner at kulisser, dekorasjonar og kostyme bør heldast til eit absolutt minimum, for ikkje å komma i vegen for, eller forstyrra det viktigaste – handlinga. Ein skal berre ha med akkurat nok til å antyda kor handlinga går før seg. Er ein for eksempel i ei stove, held det lenge med eit heilt enkelt bord. Og kanskje ein stol. Til nød ein vegg. Same «scene» kan gjerne brukast gjennom heile stykket.

Sjølv har eg akkurat motsett syn. Eg elskar flott utforma dekorasjonar, morosame detaljar og fantasifulle sceneskift (dreiescene er kult, fortell meg ikkje anna!). Og alt dette får me i Sugar! Handlinga går føre seg mange plassar, kvar med eige sceneoppsett, og med raske og elegante skift. Spesielt vart eg imponert over overgangen mellom tre forskjellige «synsvinklar» på og i eit tog. Utrulig stilig laga til! Dei lys- og lydansvarlige fortener òg sin del av æra for at dette fungerte so bra.

Men det viktigaste er sjølvsagt skodespelarane. Korleis var dei? Jo – takk for at du spør forresten – dei var sers bra, omtrent alle. Spesielt Geir Kvarme utmerka seg i rolla som Jerry/Daphne. Fyren eig jo komisk talent so det held, og lever seg verkelig inn i rolla, eller rollene, som Jerry, og spesielt som Daphne (Jerry utkledd).

Ein annan som imponerte var Sverre Røssummoen. Her gjer han nesten reprise av si geniale rolletolking frå Kiss Me, Kate våren 2002 same stad, der han òg spelte gammal mangemillionær. Og dette er tydeligvis ei rolla han stortrives i, og han var ein av dei som vekte mest latter i salen.

Anna som gjorde inntrykk var den tøffe opningssekvensa, med kanskje dei stiligaste, stilreine gangsterane nokonsinne. Og la oss ikkje gløyma humoren. Dette er nemlig noko av det morosamaste eg har opplevd på lenge.

Til slutt: Sidan dette er ein musikal, bør musikken nemnast. Det var heldigvis ingen direkte dårlige og uinteressante songar som skapte dødpunkt i handlinga (noko det lett har for å bli), men det var heller ingen klassikarar som har festa seg i hjernebarken for evig tid. Ein kan seia at musikken var heilt fin, og han var framifrå framført av musikarane.

Eg har sjølvsagt negative ting å seia òg. Eg synest for eksempel ikkje Line Verndal passar perfekt i rolla som Sugar, sjølv om gjorde ein fin jobb. Og ein kan alltids påpeika at stykke som dette berre er reint fjas og grunn komikk, utan noko djup meining. Og til det kan ein komma med kvasiintellektuelle innvendingar om stykket seier noko viktig om kjønnsroller i dagens samfunn, og bla, bla, bla. Men den debatten er eigentlig uinteressant. Det viktige kan seiast sånn: Dårlige stykke er aldri underhaldande. Dette stykket er underhaldande. Dra slutninga sjølv.

Avslutningsvis: Er du i Bergen no i vår, har du ikkje noko å betre å gjera enn å gå å sjå Sugar (lesehjelp: tittelen er engelsk) på DNS. Ha det gøy!

Emne: Teater

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.