Karl Ove Hufthammer

Stadfesting av bloggar

20. september 2003 (oppdatert 28. januar 2012)

Konseptet

Det er mulig å stadfesta bloggar, det vil seia å spesifisera kor dei geografisk held til. Då kan ein ved hjelp denne fine tenesta finna ut kva bloggar(ar) som bur i nærleiken av deg:

Korleis legga til stadinfo

For å stadfesta bloggen din, sånn at desse sidene finn han, treng du berre legga til følgjande linjer i head-blokka på forsida:

<meta name="ICBM" content="xx.xxxxx, xx.xxxxx" />
<meta name="geo.country" content="NO" />
<meta name="DC.title" content="Namnet på bloggen din" />

«xx.xxxxx» er her dei grafiske koordinatane i WGS84-systemet, «NO» er ISO-3166-1-landskoden for Norge, og «Namnet på bloggen din» skal vanligvis vera lik innhaldet i title-elementet på sida. Gå so til sidene ovanfor og bruk innmeldingsskjemaa.

Korleis finna koordinatane

Det er litt omfattande å finna nøyaktige koordinatar, men her følgjer ei komplett oppskrift. Me tar utgangspunkt i adressa «Drammensveien 1» i Oslo.

Steg 1 – Norgesglasset

Først brukar me Statens kartverk si utmerka tenesta Norgesglasset.

  1. Tast inn adressa og trykk «Søk».
  2. Trykk deg fram i søkeresultata til rett plass (kartet blitt no oppdatert).
  3. Forstørr deg heilt inn på plassen (den raude prikken) på kartet.
  4. Vel «Transformasjon» nede til venstre.
  5. Trykk på den raude prikken, sånn at koordinatane blir sett inn i «frå»-boksane.
  6. Vel «84 EU89-Geografisk» i «Til referansesystem»-boksen.
  7. Trykk «Transformér» (sic!) og noter tala du får ut.

Dei tre første tala (i vårt eksempel 59 grader, 55 minutt og 1,70068 sekund) er breiddegradane, mens dei tre neste (grader 10, 43 minutt og 38,48947 sekund) er lengdegradane, alle i WGS84-format-format. Me må gjera desse om til desimalformat, og brukar følgjande formel: gradar + minutt/60 + sekund/3600. Me får då koordinatane 59,91713908 og 10,72735819 (tala er eigentlig ikkje nøyaktige nok til at me treng ta med so mange desimalar, men det gjer uansett inga skada).

Me set no inn desse linjene i head-blokka (merk at desimalskiljeteiknet må her vera punktum, ikkje komma):

<meta name="ICBM" content="59.91713908, 10.72735819" />
<meta name="geo.country" content="NO" />
<meta name="DC.title" content="Kongehuset" />

MapQuest kan me tasta inn koordinatane og sjekka at dei stemmer med kartet.

Viss alt er i orden kan me no melda bloggen til GeoURL.

Emne: Blogging, Nettsideutvikling

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.