Karl Ove Hufthammer

Korfor du ikkje skal bruka oppløysinga 1280 × 1024

Brukar du skjermoppløysinga 1280 × 1024 bør du trulig slutta med det. Her er grunnen.

Eg har nettopp målt skjermen min, og kom fram til ei breidd på den synlige skjermplata på 364 mm og ei høgd på 273 mm. Forholdet er altso 364/273 = 1,333… = 4/3[1].

La oss sjå litt nærare på breidd/høgd-forholdet for nokre vanlige skjermoppløysingar:

Her betyr for eksempel 640 × 480 at skjermbildet består av 640 pikslar (bildepunkt) bortover og 480 pikslar nedover.

Merk at forholdet på skjermoppløysingane er 1,333… = 4/3, det same som på skjermen. Dette gjer at kvar piksel vert vist heilt kvadratisk.

Eit unntak er oppløysinga 1280 × 1024, som har forholdet 1,250 = 5/4. Brukar eg denne på skjermen min får eg avlange pikslar. Eit bilde av ein firkant på 100 × 100 pikslar vil sjå ut som eit avlangt rektangel, og generelt vert alle bilde forvrengt. (Sjå eksempel.)

Høgd/breidd-forholdet 4/3 gjeld ikkje berre min skjerm, men nær alle tradisjonelle (bilderørbaserte) dataskjermar. Oppløysinga 1280 × 1024 begynner å bli ganske populær, men du bør altso aldri[2] bruka ho på slike skjermar. Om du ønskjer å bruka ei høg oppløysing er 1280 × 960 utmerka, og har rett forhold.

Bildet vert meir komplisert om me ser på flatskjermar til bærbare maskiner. Desse har gjerne ein fysisk storleik på 5/4, og då er det nettopp ei oppløysing som 1280 × 1024 du skal bruka[3], og ikkje ei av dei vanlige standardoppløysingane.


[1] Ja, det var veldig flaks at eg traff nøyaktig på dette forholdet. Eg vil tippa uvissa er maks rundt ±4 mm, som gjev eit forholdstal mellom 1,30 og 1,37.

[2] Sjå Håkons kommentar for eit unntak.

[3] Skjermar til bærbare maskiner er basert på ein annan teknologi, med fast antal fysiske skjermpunkt av fast storleik. Du bør derfor der berre bruka nøyaktig den skjermoppløysinga skjermen er meint for (eller oppløysingar som denne er multiplum av) for å unngå grov forringing av bildekvaliteten.

4 kommentarar

  1. Oppløysinga 1280 × 1024 begynner å bli ganske populær, men du bør altso aldri bruka ho på slike skjermar.

    Aldri si aldri. Om jeg ikke husker feil så vil denne oppløsningen være helt grei for videoklipp som er kodet for fjernsyn (som ikke har kvadratiske piksler).

  2. Du har rett, Håkon. Fjernsyn brukar oppløysinga 720 × 576 (5:4) som blir vist på ei 4:3-flata. Det er altso ikkje kvadratiske pikslar.
    Om ein arbeidar med fjernsynsproduksjon på ein 4:3-skjerm, bør ein derfor bruka ei 5:4-oppløysing som 1280 × 1024 (eller kanskje helst 1440 × 1152), med mindre programvaren tar omsyn til forskjellen sjølv.

  3. Ikkje dumt, ikkje dumt i det heile tatt. No har du fått meg til å endre oppløysinga på min skjerm, og sjølv om det sikkert berre krevjer litt tilvenning, så trur eg det er vesentlig bedre. Har faktisk reagert fleire gonger på at bilder ikkje er heilt kvadratiske – men aldri tenkt over at oppløysinga er grunnen.

  4. Quite limited: Device-aspect-ratio

    In the CSS3 media queries specification, there is a property named device-aspect-ratio, which, in it’s current state is only of limited interest.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.