Karl Ove Hufthammer

Sjølvmelding eller selvangivelse – eit vondt møte med moderne teknologi

Vi har mottatt selvangivelsen. Takk for at du benyttet denne tjenesten.

Det var svaret eg fekk etter å ha levert inn sjølvmeldinga på SMS (mi første tekstmelding!). Merk målforma. Eg fekk kvitteringa på bokmål!

Skatteetaten har alltid klart å levera sjølvmeldinga mi på nynorsk, òg på Internett. Derfor var det spesielt fælt å få dette svaret på ei anna målform. Men eg burde kanskje vera takknemlig for at det ikkje var på SMS-språk‽

Eg hadde sendt ei sint klaga, hadde eg berre visst kor eg skulle senda ho …

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.