Karl Ove Hufthammer

Reservekopiar

7. juli 2003 (oppdatert 31. mai 2009)

La oss tenka oss at harddisken din krasja, og du mista alt som var på han. Ville det vore litt – synd, kanskje? Rekna med det, ja. Derfor bør du ta ein reservekopi snarast! Med ein gong!

Ta kopi av alle dokument, lydfiler, bilde og e-post du ikkje har lyst å mista. Har du ein blogg eller ei heimesida, so ta òg reservekopi av filene/databasane her.

CD-ar fungerer utmerka for reservekopiar. Om du ikkje allereie har det, får du ein kjempegod CD-brennar for rundt 400 kroner, inkludert kablar og all nødvendig programvare.

Eit anna, og stadig meir aktuelt, alternativ er ein ekstern USB-hardisk. For under ein tusenlapp får du nok plass til det meste. Kjøp gjerne to, og oppbevar den andre hos venner eller i eit anna hus du har tilgang til, slik at du òg er sikra ved brann.

Du vil aldri angra på ha tatt reservekopi, men kan komma til angra på å ikkje ha gjort det!

Emne: Programvare

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.