Karl Ove Hufthammer

Gamle flasker blir som nye

15. mai 2004

Jesro Christoffer Cena har fleire gongar tipsa om korleis ein kan bruka vassflasker med is og vatn til å kjøla seg ned i varmen. Men etter litt tids bruk blir flaskane gjerne uklåre, og ser skitne ut. Skylling med vanlig oppvaskmiddel hjelper ikkje.

Løysinga er kanskje overraskande enkel. Fyll flaska med litt klor og litt vatn. Rist godt, og flaska er brått krystallklår og rein, og god som ny. Hugs å skylla ho grundig med reint vatn etterpå.

Emne: Ymse

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.