Karl Ove Hufthammer

Radio- og fjernsynsarkiv

25. august 2003 (oppdatert 4. juni 2009)

BBC-arkiv

BBC har meldt om at dei planlegg å gjera alle arkiverte gjera radio- og fjernsynsprogramma tilgjengelig gratis på Internett.

Dette hørest fantastisk ut. BBC har i alle år publisert ei enorm mengd kvalitetsprogram og -seriar, og vore ein sterk inspirasjon for vår eigen lisensfinansierte kanal.

No for me berre håpa dei gjer arkivet tilgjenglig for oss utanfor Storbritannia òg, og i gode medieformat.

NRK-arkiv?

Men kva med NRK. I følgje ein artikkel frå 2001 har dei i samarbeid med Nasjonalbiblioteket starta ei digitalisering av radio- og fjernsynsarkiva. Men dette er berre delarav dette som skal verta gjort tilgjengelig for nedlasting, og tidspunktet er uvisst.

Artikkelen er over to år gammal, og eg har ikkje hørt noko om prosjekt etterpå (om du veit meir, skriv gjerne ein kommentar). Det er synd at NRK og nasjonalbiblioteket ikkje ønskjer å gå like langt som BBC, men kanskje meldinga frå BBC kan få dei på andre tankar. Men eg er skeptisk. Nasjonalbiblioteket har lang tradisjon for å arkivera og ta vare på enorme mengder informasjon, alt frå restaurantmenyar til nettsider, men la mykje av dette berre vera tilgjengelig for forskarar som søker om løyve, eller ikkje i det heile.

SR– og SVT-arkiv

2003-12-04 kom den svenske regjeringas IT-politiske strategigruppa med forslag om å gjera svensk radio og fjernsyns (SR, SVT og Utbildningsradion) arkiv tilgjengelig over Internett, ifølgje teknologitidsskriftet Ny Teknik. Gruppa skriv i arbeidsplanen [som ser ut til å vera fjerna frå nettet no]:

Strategigruppen avser att i samarbete med berörda aktörer undersöka förutsättningarna, bland annat juridiskt, ekonomiskt och tekniskt, för att bevara och tillgängliggöra Sveriges Radios och Sveriges Televisions och Utbildningsradions arkiv i digital form.

Emne: Film og fjernsyn, Radio

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.