Karl Ove Hufthammer

Prikken over i-en

10. februar 2007 (oppdatert 24. mai 2009)

Ein hører gjerne folk uttala at noko vert «prikken over i-en», eller at ein har «gløymt å setta prikken over i-en». Dette kan oppfattast som feil, og her er grunnen.

Forklaringa

Her har me ein i: i

Viss me no set ein prikk over i-en, får han to prikkar, noko ingen vil få glede av. Er ein litt slepphendt, kan ha til og med bli sjåande sånn ut: ï

Dette teiknet, «¨», er eit diakritisk teikn. Ofte vert det feilaktig kalla ein tøddel. Det heiter berre tøddel viss det markerer omlyd, for eksempel i namnet «Märtha». Når dette teiknet derimot vert brukt til å markera at to vokallydar skal uttalast kvar for seg, og ikkje som ein diftong, vert det kalla trema. Døme er «Zaïre» og «heksaëmeron» (eit dikt som handlar om – eller varer i – seks dagar).

Tilbake til emnet

Unnskyld digresjonen. La oss gå tilbake til temaet. Det vert, som nemnt, berre tull å snakka om ein prikk over i-en; då får han to prikkar. Men det finst faktisk finst noko slikt som ein «i» utan prikk. Han ser slik ut – ı – og har plasseringa U+0131 i Unicode. For sers spesielt interesserte, kan eg nemna at det der òg er definert ein stor i med prikk over: İ. Denne har plassering U+0130. Desse teikna vert blant anna brukt i tyrkisk.

Dette var dagens folkeopplysing.

Dramatisering

«Prikken over i-en»-problematikken har òg vore dramatisert, gjennom ei novella av Lars Saabye Christensen. Takk til Bjørn Hanssen for tips om denne.

Emne: Språk

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.