Karl Ove Hufthammer

Out Of Order

I dag la eg ut ein ny omtale på nettstaden min Gratis kvalitetsdataspel. Spelet omtalt heiter Out Of Order, og er eit «peik og klikk»-eventyrspel.

Gratis eventyrspel finst det få av, og veldig få gode. Dette er eit av dei få. Det er faktisk det beste gratis eventyrspelet eg har spelt, og heilt på høgd med kommersielle eventyrspel – på alle måtar (grafikk, lyd, handling og humor). Det er anbefalt på det aller, aller varmaste!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.