Karl Ove Hufthammer

Organdonasjon

18. juni 2003 (oppdatert 31. mai 2009)

Viss hjertet eller levera di svikta, ville du då vore villig til å ta imot eit donert organ – eller hadde du heller føretrekt å dø? Ikkje alle får ta dette valet. Det er nemlig stor mangel på organdonatorar, og i 2001 døde 34 pasientar på venteliste for organdonasjon, ifølgje Stifelsen Organdonasjon.

Når du dør har du ingen bruk for organa dine lenger, men for andre vil dei vera forskjellen mellom liv og død. Det er dine næraste som må avgjera eventuelle spørsmål om organdonasjon, og derfor er det viktig at du snakkar med dei om dette – på førehand.

Du kan òg fylla ut eit donorkort til å ha med deg i lommeboka. Dette kan du henta ned og skriva ut frå heimesida til Stifelsen Organdonasjon. Du finn det òg på alle apotek, legekontor og bibliotek.

Gjer valet no. Det tar deg fem minutt å skriva og fylla ut donorkortet. Og det er det verdt.


Eg vart først klar over donorkortopplegget etter eit innlegg på ein blogg for nokre månader sidan, men hugsar dessverre ikkje kor det var. Uansett takk til vedkommande. Jesro Christoffer Cena har òg skrive om emnet, og minte meg på å blogga om det. Takk til han òg. ☺

Emne: Ymse

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.