Karl Ove Hufthammer

Norsk film i sommar

23. juni 2003 (oppdatert 31. mai 2009)

Norsk film har lenge hatt eit dårlig rykte, og ikkje heilt ufortent heller. Men innimellom alle dei elendige filmane som er laga, finn me eindel perler, samt filmar som har kvalitetar sjølv om dei ikkje er direkte meisterverk. Denne sommaren få me sjansen til å bli kjent med alle sider av norsk film opp gjennom tidene.

Kvar einaste ettermiddag i heile sommar sender nemlig NRK1 ein norsk film i serien Norske filmminner. Filmane spenner heile tidsrommet det har blitt produsert norske filmar, og dekkar alle sjangrar, frå surrealistisk samtidsdrama til komedie og grøss.

Noko av det eg synest er interessant med å sjå eldre norske filmar, er å observera kva dei i den ytre ramma (heilt ubevisst) fortel om korleis samfunnet var før. Me får sjå kor og korleis folk levde, korleis dei hadde husa sine, korleis dei gjekk kledd, korleis dei snakka, kva dei åt, kva daglige gjeremål dei dreiv med, kva interesser og fritidssysler dei hadde, kjønnsroller og andre samfunnsroller, og generelt korleis samfunnet var organisert.

Det interessante er å sjå kor mykje som er fundamentalt forandra her i landet på kort tid; kor forskjellig me lever no enn for eksempel på 70-talet (eller 40- eller 90-talet, for den saks skyld). Og òg kor mykje som faktisk er likt. Sjølv om filmane i handlinga er fiksjon og reint oppspinn, har dei likevel vore med på å dokumentera det norske samfunnet og norske menneskes levemåte.

Det er eit kjempeflott initiativ av NRK å senda desse filmane på nytt (nokre av dei er sikkert ikkje sendt på fjernsyn før heller). Det vert spennande å følgja med.

Emne: Film og fjernsyn

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.