Karl Ove Hufthammer

Nasjonalsongen

16. mai 2003 (oppdatert 21. mai 2009)

Eg har fått ein kommentar på at eg er for positiv til tinga eg skriv om. Dette er ganske enkelt fordi eg føretrekker å skriva om positive, gode ting og hendingar. Men for å gjera alle fornøgde, skal eg denne gongen ta for meg noko fryktelig dårlig og negativt – Norges nasjonalsong.

Alle kjenner nok til dette nasjonalistiske makkverket, men for sikkerheits skyld vil eg sitera eit vers:

Bønder sine økser brynte,
hvor en hær drog frem.
Tordenskjold langs kysten lynte,
så den lystes hjem.
Kvinner selv stod opp og strede,
som de vare menn.
Andre kunne bare grede,
men det kom igjen.
Andre kunne bare grede,
men det kom, det kom igjen.

Eg skal ikkje gå noko vidare inn på innhaldet i songen. Dette tar for seg ulike historiske hendingar i Norge (kristning, krig og brenninga av Halden), men er heilt uinteressant, og til dels uforståelig.

Teksten suger, men dette er ingenting mot melodien – om me då kan kalla ei slik amatørmessig skalaøving for ein «melodi». Verre ulyd skal ein leita lenge etter.

Alternativ til nasjonalsongen? Ja, det finst det fleire av. Sjølv synest Å, eg veit meg eit land av Elias Blix er nydelig. Denne blir av og til kalla «Nord-Norges nasjonalsong», men teksten passar like godt for heile landet:

Å eg veit meg eit land
langt der oppe mot nord,
med ei lysande strand
mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band.
Å eg minnest, eg minnest
so vel dette land!

Der eit fjell stig mot sky
med si kruna av snø,
og i lauvklædnad ny
det seg speglar i sjø,
og det smiler mot strand
med si bringa i brand
i den solklåre kveld.
Å eg minnest, eg minnest
so vel dette fjell!

Og eg lengtar so tidt
dette landet å sjå,
og det dreg meg so blidt,
når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår
vert min saknad so sår,
so mest gråta eg kan.
Å eg minnest, eg minnest
so vel dette land!

Emne: Musikk

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.