Karl Ove Hufthammer

Siste nytt på éin plass

10. april 2003 (oppdatert 26. mai 2009)

Det finst haugevis med nettaviser og andre nyheitssider på Internett, men blant alle desse finst det éi eg er spesialt glad i – Mylder. Mylder samlar nyheiter frå (for tida) over tusen norske nyheitskjelder, og presenterer desse samla på ei eiga side.

Det som er so kjekt med Mylder, er at det er få forstyrrande element på sida. Dei siste nyheitene blir vist som ei lang liste med artikkeltitlar og ingressar, med lenkjer til heile artiklane.

Alle nyheitene er sorterte i kategoriar, sånn at du kan velja å berre sjå for eksempel data- eller kulturnyheiter. Du kan òg søka etter gamle artiklar.

Mylder er eit perfekt verktøy til å halda seg oppdatert på det aller siste som har skjedd, og er spesielt kjekk å ha i saker med laupande utvikling (eksempelvis gisselsituasjonar). Anbefalt på det varmaste.

Emne: Nettsider

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.