Karl Ove Hufthammer

Ludde

Føler du deg sinnsfrisk? For sinnsfrisk? NRKs dramaavdeling er då som som ofte før til hjelp. Denne veka sender dei nemlig Ludde i Barnetimen.

Eg får direkte vondt i heile meg av å høra Ludde. Dei banale replikkane vert gjentekne gong på gong, med ørsmå variasjonar. La meg ta eit tenkt eksempel:

– Har du lyst på ein ball, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på ein ball.
– Nei vel, Ludde.

– Har du lyst på ein sykkel, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på ein sykkel.
– Nei vel, Ludde.

– Har du lyst på ei kaka, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på ei kaka.
– Nei vel, Ludde.

– Har du lyst på eit eple, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på eit eple.
– Nei vel, Ludde.

– Har du lyst på ei rullegardin, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på ei rullegardin.
– Nei vel, Ludde.

Og det tar faktisk ikkje slutt. Det varer og varer. Og varer. Kven kan klara å halda seg sinnsfrisk gjennom noko sånt‽

Barnetimen går no kvar kvardag på NRK P1 (merk kanalen!) klokka 18:40, rett etter Barne-TV. Sjølve opplesinga kjem litt inni programmet.

8 kommentarar

  1. Husker ikke om jeg noen gang kom meg gjennom ei hel bok, bare at jeg opplevde dem som en fornærmelse mot min barneintelligens. Per omtales såvidt jeg husker aldri bare som Per, alltid som «Per 4 år».

  2. Eg har faktisk nyleg lest nokre Ludde-bøker, og kan ikkje hugse at det var repetetivt. Men det er jo for dei minste av dei små, då. Illustrasjonane er dessutan ganske viktige, etter det eg har skjønt, og då vert jo radio litt feil. I småskulen las læraren vår Ludde høgt i matfri, og eg meiner å hugse at det ikkje fungerte så veldig bra. Trur til og med vi synst det var litt barnsleg.

    Elles saknar eg å høyre Barnetimen om morgonen på P2, men likar at Barne-TV-vertane går inn gjennom ei dør til Barnetimen på slutten av Barne-TV-sendinga.

  3. Det er fryktelig repetetivt (men rett nok med litt meir variasjon enn eg gav inntrykk av i «eksempelet» mitt).

    Elles er det kjempeleit at Barnetimen er flytta frå P2, og til eit anna tidspunkt (strengt tatt ikkje so farlig for meg, då eg hører programma når eg vil). Ein eg kjenner hevdar faktisk hardnakka at «Barnetimen er slutt. Det er ingenting igjen.» For han finst det berre éin kanal.

    Eg har dessverre ikkje fått med meg Barne-TV i det siste, og har ikkje fått sett døra. Men eg er generelt lite begeistra for at dei har begynt å bruka unge programleiarar i Barne-TV. Det er jo direkte stressande! Barne-TV, som alltid har vore so koselig, har blitt heseblesande. Ja, no har til òg med Barnetimen blitt heseblesande. Eg synest me har tapt mykje på dette.

    Nei til heseblesing i Barnetimen!

  4. Eg synst nokre av dei unge Barne-TV-vertane er veldig flinke og morosame, eg tenker då på Annette og Jonna. Dei andre kan derimot vere irriterande, masete og unaturlege. Konseptet synst eg eigentleg er bra. Ungar likar ungdommar, og det var ofte litt flautt når kanalverten skulle slå om til snakke-til-born-modus og tydeleg var ukomfortable med situasjonen (særleg Terje Sølsnes, han skulle alltid toske seg litt ekstra, men det var aldri særleg vellukka – i beste fall ufrivillig morsomt).

    Ein ting er at dei har flytt Barnetimen til P1 – det går jo an å skifte kanal, sjølv om det er veldig greitt å ha radioen ståande på samme støtt – men at dei har sløyfa sendinga om morgonen synst eg er spesielt leitt.

  5. Kanskje det berre er eg som ikkje likar ungdommar? 🙂

    Men eg hugsar rett nok ikkje kva eg syntest om dei då eg var ung, men eg hugsar iallfall eg hata at ungar var med i Barne-TV (enten som skodespelarar i seriar, eller i program).

    Ja, eg saknar som nemnt morgonsendinga sjølv. Men ei løysing kan jo vera å ta opp programmet (manuelt eller automatisk) om kvelden, og høra det om morgonen.

  6. vi elsker ludde.. han er verdens kuleste kanin……… we løv yah ludde…. ludde 4 eveh.. lenge leve ludde.!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.