Karl Ove Hufthammer

Ludde

15. september 2003 (oppdatert 4. juni 2009)

Føler du deg sinnsfrisk? For sinnsfrisk? NRKs dramaavdeling er då som som ofte før til hjelp. Denne veka sender dei nemlig Ludde i Barnetimen.

Eg får direkte vondt i heile meg av å høra Ludde. Dei banale replikkane vert gjentekne gong på gong, med ørsmå variasjonar. La meg ta eit tenkt eksempel:

– Har du lyst på ein ball, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på ein ball.
– Nei vel, Ludde.

– Har du lyst på ein sykkel, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på ein sykkel.
– Nei vel, Ludde.

– Har du lyst på ei kaka, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på ei kaka.
– Nei vel, Ludde.

– Har du lyst på eit eple, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på eit eple.
– Nei vel, Ludde.

– Har du lyst på ei rullegardin, Ludde?
– Nei, eg har ikkje lyst på ei rullegardin.
– Nei vel, Ludde.

Og det tar faktisk ikkje slutt. Det varer og varer. Og varer. Kven kan klara å halda seg sinnsfrisk gjennom noko sånt‽

Barnetimen går no kvar kvardag på NRK P1 (merk kanalen!) klokka 18:40, rett etter Barne-TV. Sjølve opplesinga kjem litt inni programmet.

Emne: Radio

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.