Karl Ove Hufthammer

Løp Lola løp

30. august 2003 (oppdatert 4. juni 2009)

Klokka 22:40 i kveld, laurdag, sender NRK2 den tyske filmen Løp Lola løp.

Lola må skaffa ein haug med pengar for å redda typen sin – og det fort. Ho har 20 minutt på seg. Så ho legg på sprang. Og spring. Og spring. Gjennom heile filmen.

Løp Lola løp er ein genialt oppbygd og veldig gjennomført film om korleis bittesmå tilfeldigheiter kan føra til enorme og vidt forskjellige endringar i menneskes liv.

Har du ikkje fått med deg denne før, er no rette tidspunkt. Eg gjer filmen 9 av 10 mulige poeng, og eg er ikkje den einaste! Han ligg nemlig for tida på 93. plass på IMDbs brukarstyrte liste over dei beste filmane.

Emne: Film og fjernsyn

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.