Karl Ove Hufthammer

Lenkjetekstar

Lenkjer er sjølve grunnsteinen i hypertekstdokument – noko XHTML-sider er. Alle lenkjer har ein lenkjetekst, som er den teksten me aktiverer (trykker på) for å følgja lenkja. Men lenkjetekstane er ofte dårlige, og forstyrrar lesinga. I denne artikkelen skal me derfor sjå nærare på korleis lenkjetekstar bør, og ikkje bør, vera utforma.

Med «lenkjetekst» meinest det som står mellom a-taggane i ei lenkja:

<a href="http://www.w3.org/">lenkjetekst</a>

Ein god lenkjetekst bør

Naturlig flyt

Lenkjer brukt inni tekst (i motsetning til for eksempel lenkjer i navigasjonsstolpar) skal flyta naturlig saman med resten av teksten. Og det verste me kan gjera, er å bruka teksten klikk her. Eksempel:

For meir informasjon, klikk her.

Lesarane er ikkje idiotar; dei veit korleis dei skal bruka lenkjer. (Som ein sidekommentar kan eg nemna at teksten klikk her kan vera direkte feil. «Klikking» impliserer bruk av mus, noko slett ikkje alle brukar til å navigera nettsider.)

Sider prega av «klikk her-syndromet» vert lett slitsame å lesa, og me bør faktisk skriva som om lenkjene ikkje eksisterte. Ikkje skriv:

For ei oversikt over favorittbøkene mine, klikk her.

Skriv heller:

Eg har òg ei oversikt over favorittbøkene mine.

Ved utskrift kan me gjerne bruka eigna stilsett (CSS) som fjernar understreking og farge på lenkjer. Teksten vil då kunne lesast heilt normalt, som frå ei bok.

Kontekstuavhengig lenkjetekst

Av og til skummer ein gjennom ein tekst på jakt etter lenkjer. Lenkjeteksten bør derfor vera so beskrivande at han kan lesast heilt uavhengig av samanhengen han står i. Eit skrekkeksempel på det motsette finn me på lenkjesamlinga til Ettermiddags-TV.

Nær kvar lenkje har lenkjeteksten her, noko som verkar svært forstyrrande. Du må lesa gjennom heile avsnitta for å finna lenkjene du er på jakt etter. (Dette er lenkjer som har blitt omtalt i eit fjernsynsprogram same dag som dei vart lagt ut, og det er derfor sannsynlig at du er på jakt etter spesifikke sider omtalt der.) Prøv for eksempel å finna vêrbildet frå Universitetet i Tromsø i lenkjesamlinga.

Det er òg andre grunnar til at lenkjene bør vera kontekstuavhengige. Fleire nettlesarar kan nemlig visa ei oversikt over alle lenkjene i eit dokument, enten direkte eller ved bruk av eit programtillegg. I Opera trykker du Ctrl + J for å få opp ei oversikt over alle lenkjene i dokumentet, enten sortert eller i dokumentrekkjefølgja. Slik ser det ut i sida ovanfor:

[Bilde av lenkjevisaren i nettlesaren Opera. Dårlige lenkjetekstar. 3,26 KiB PNG.]

Og slik kunne det sett ut:

[Bilde av lenkjevisaren i nettlesaren Opera. Gode lenkjetekstar. 3,26 KiB PNG.]

Tilsvarande lenkjelister er òg nyttige i nettlesarar med små skjermar (eks. avanserte mobiltelefonar) og i talesyntesebaserte nettlesarar.

Lengda på lenkjetekstar

Lenkjetekstane bør helst vera so korte som mulig. Skriv for eksempel ikkje:

Det står ein artikkel i digi.no.no om vedlikehaldsfrie styrkuler.

Her kan lenkjeteksten lett kortast ned til:

Det står ein artikkel i digi.no om vedlikehaldsfrie styrekuler.

Til slutt: Det er ikkje alltid du kan få lenkjeteksten so kort du ønskjer. Det er greitt. Det er betre at han er beskrivande og lang enn kort og unyttig.

2 kommentarar

  1. Nei, eg synest ikkje det. Teksten «oversikt» seier oss ikkje so mykje om kva det er snakk om – han er kontekstavhengig. Teksten «favorittbøkene mine» gjer det derimot heilt klart kva lenkja peikar på, og er umiddelbart forståelig sjølv lausriven frå samanhengen.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.