Karl Ove Hufthammer

Kvinnen i sjøen – som radiohørespel

8. januar 2005 (oppdatert 31. mai 2009)

I dag, laurdag, sender NRK Radioteatret hørespelet Kvinnen i sjøen av Raymond Chandler.

Lars Andreas Larssen spelar prototypen på den klassiske privatetterforskaren, Philip Marlowe, med trenchcoat og hatt, eit nedslitt, lite kontor (visstnok betre enn eit telt på stranda), eit aukande alkoholproblem og alltid ein sarkastisk kommentar på lur. Han er det gode i ei vond verd. Og Larssen glir rett inn i rolla.

Dette er eit hørespel som underhalder, med den fantastiske tørre humoren og den godt oppbygde og spennande historien (kven er den skyldige – og kven lurer eigentlig kven?). Hørespelversjonen utmerkar seg òg i lydbildet. Lydteknikaren har klart å plassera personane sånn at me (med hovudtelefonar) kan høra nøyaktig kor dei sit eller står i rommet. Dette er sjeldan god utnytting av muligheitane stereo gjev oss!

Elles er filmversjonen frå 1947 òg verdt å få med seg. Ikkje fordi det er ein serlig god film, han er mykje svakare enn hørespelet, men det er ein av dei få filmane (den einaste?) der me ser handlinga filma gjennom augene til hovudpersonen. Det er ikkje heilt vellykka, og kunne vore gjort mykje betre, men er sopass unikt at filmen er verdt å sjå grunna dette åleine.

Tilbake til hørespelet. Det begynner i dag, laurdag 2005-01-08 klokka 14:03 på NRK P1, med reprise i morgon klokka 23:03. Då er det berre å benka seg framfor radioen (helst ein heilt mørk plass) med eit par stereohovudtelefonar!

Emne: Radio

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.