Karl Ove Hufthammer

Korleis Linux kan sjå ut

5. juli 2004

Eg har inntrykk av at mange trur at operativsystemet Linux er so lite brukarvenlig, so mykje vanskeligare å bruka enn Windows, og at ein må gjera det meste frå kommandolinja (tekstmodus). Dette er langt frå sanninga! Faktisk er ein av hovudgrunnane til at eg likar Linux so godt det vakre, brukarvenlige grensesnittet me får gjennom skrivebordsmiljøet KDE.

Eg reknar med grunnen til at mange har fått dette inntrykket, er at dei ikkje har sett nyare Linux i bruk, eller berre sett bilde frå maskiner hardbarka «hackarar», som likar kommandolinja.

For å bøta på dette, her er eitt bilde av korleis Linux ser ut hos meg ein vanlig dag (men eg har vanlegvis mange fleire program opne, på virtuelle skrivebord). Trykk på småbildet for å sjå heile. (Åtvaring: tar lang tid å lasta ned med seint samband!)

Det er verdt å merka seg programmet nedst til høgre. Dette er Clue, ei genial ordbok, som berre finst i Windows-versjon. I Linux kan du nemlig fint kjøra mange Windows-program òg, gjennom programmet Wine.

Men dette er vanligvis ikkje nødvendig. Med ein vanlig distribusjon følgjer det tusenvis av program, veldig mange omsett til norsk, som alle er ekstremt enkle å installera, avinstallera og å helda oppdaterte. Eg brukar distribusjonen Mandrakelinux, som passar utmerka for nybegynnarar.

Emne: Programvare

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.