Karl Ove Hufthammer

Den store kinodagen – oppsummering

Som nemt for rundt ei veka sidan, er det no Den store kinodagen, med haugevis av billige filmar på kinoane. Eg har sett tre av dei.

The Medallion

Den første filmen eg såg var The Medallion – ein splitter ny Jackie Chan-film. Eg hatar actionfilmar, med berre eitt unntak, og det er filmar med Jackie Chan.

Dette er fryktelig underhaldande filmar, stappfulle av humor. Chan har ein enorm styrke og kroppskontroll, og mykje av det ein skulle tru var filmtriks er rett og slett Jackie i aksjon. Og det er underhaldande!

The Medallion er langt frå hans beste film. Historien er tåpelig, og dialogen er eit par plassar direkte teit (inkludert gjenbruk av ein av dei mest utdaterte, utbrukte «vitsane»). Men mykje av dialogen er morosam, og Jackie har absolutt sin sjarm. Og actionsekvensane er like imponerande og morosame som alltid.

Eg lo mykje under denne filmen, og storkoste meg skikkelig. Til tross for ei teit handling, altfor mange datafilmtriks, og litt andre toskete ting å irritera seg over, er nok dette den mest underhaldande filmen som går på kino no. Er du Jackie Chan-fan du sjølvsagt sjå han. Og er du ikkje, so korfor ikkje likevel slå i hel halvannan time med Jackie. Det blir du i godt humør av!

Mors Elling

Eg har òg sett Mors Elling. Oppfølgjarfilmar blir nesten aldri so god som (gode) originalar, kanskje spesielt sidan folk har so store forhåpningar til dei. Og eg veit ein del har blitt litt skuffa over at denne filmen er mørkare, og mindre morosam enn einaren.

Eg er ikkje ein av desse. Faktisk synest eg denne filmen var betre enn einaren, ja til og med morosamare. Dette kan vera fordi eg hadde senkte forhåpningar grunna kritikken filmen har fått (som ikkje var direkte negativ, men heller ikkje so overstraumande positiv som den einaren fekk). Uansett vil eg anbefala filmen på det varmaste.

Kalenderpikene

Kalenderpikene var den siste filmen eg såg, og var absolutt ei fin avslutting. Flott film!

3 kommentarar

  1. Jeg synes at den filmen var veldig bra…. jeg like alle filme fra Jackie chan…

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.