Karl Ove Hufthammer

Julete bakgrunnsbilde

Eg prøver å bygga opp ei lita, privat samling med nydelige bakgrunnsbilde som passar no i desse juletider. Kan du hjelpa? Eg vil setta pris det viss du sender meg ein e-post med dine favorittbilde.

Eg er interessert i alt som passar for månaden me er inne i, både vakre, snødekte landskapsbilde og meir nissete julebilde, både fotografi og teikningar. Det einaste kravet er at bildene skal vera gode, og ha ei oppløysing på minst 1024 × 768.

Og om du ønskjer, kan du godt få nokre bilde tilbake. (Eg vil ikkje offentliggjera dei bilda eg har, då bruksvilkåra varierer.) Men sjå for øvrig dei to, flotte Tux-bakgrunnsbilda eg blogga om for nokre dagar sidan.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.