Karl Ove Hufthammer

Jill Sobule

Etter ei tid med noko (ugyldig?) fråvær, vil eg i dag tipsa om min favorittartist for tida, den fantastiske Jill Sobule. Og her er det gratis kvalitetsmusikk å henta!

Jill Sobule er – vel, me kan vel kalla ho ein slags visesongar, der musikken typisk består av Jill som syng og eit enkelt akkompagnement, gjerne seg sjølv på akustisk gitar, med fengande, eller av og til veldig vakre, songar, med morosame, ironiske, samfunnskritiske, til dels personlige, til dels alvorlige, og ofte pussige, tekstar om livet når livet er godt, om livet når livet er vanskelig, og alt imellom.

Ho har gitt ut fleire plater, men ho har òg lagt ut mykje av musikken til gratis nedlasting på Internett. Eg likar spesielt godt det halvannan time lange konsertopptaket frå Joe’s Pub [som no ser ut til å vera fjerna frå nettet]. Jill hørest ut som fantastisk å vera på konsert med. So godt som alt på denne konserten er veldig bra (og eg likar versjonane her betre enn plateversjonane), men her er favorittane mine, med omtrentlige songtidspunkt:

Men ikkje nok med det: Jill Sobule har òg ei nettside der ho av og til legg ut nokre av songane sine, som me fritt kan lasta ned. Vel verdt å besøka regelmessig (spesielt sidan ho fjernar dei gamle songane når ho legg til nye). Ved førre oppdatering var det fleire nydelige, rolige songar, mens no (2008-06-12) er det meir heftige coversongar.

(Bildet ovanfor er teken av «jurvetson», og er tilgjengelig under ein Creative Commons 2.0 Attribution-lisens. Sjå originalbildet på flickr.)

1 kommentar

  1. Oi, holder Jill på fortsatt? Jeg har to plater med henne fra nittitallet en gang – likte dem veldig godt men har ikke hørt på dem på årevis. Kanskje på tide å sjekke ut damen igjen? 🙂

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.