Karl Ove Hufthammer

Interrobang

Utropsteikn, spørjeteikn, kolon og tankestrek. Det finst mange slike skiljeteikn, men det er eitt som skil seg ut (unnskyld det forferdelige ordspelet) – interrobangen.

Ikkje mange kjenner til interrobangteiknet, og det er dessverre lite brukt no. Det vart oppfunne av Martin Speckter i 1962, for bruk i ein type retoriske spørsmål.

Interrobangen ser ut som ein kombinasjon av eit spørje- og utropsteikn, og kan brukast til å avslutta setningar som er både spørje- og utropssetningar (eksempelvis: «Kva er det du driv med‽»).

Den nøyaktige utforminga av interrobangen kan variera litt, men er vanligvis eit utropsteikn plassert over eit spørjeteikn, med felles prikk. Eg har sansen for ein litt annan variant, der teikna står ved sidan av kvarandre, litt på skrå, men framleis med felles prikk.

Vanligvis brukar me erstattinga «?!» eller «!?» når interrobangen ikkje er tilgjengelig. Men i nokre nyare skrifter finst interrobangen, og då er det ingen grunn til å ikkje bruka han. Det er jo eit dei kulaste teikna som finst!

I Unicode-standarden er interrobangen plassert på U+203D, og i HTML skriv du han som ‽. Viss du brukar ein god nettlesar, og har ei skrift som inneheld ein glyff for teiknet, blir dette vist som ein interrobang. Slik ser det ut hos deg: ‽

Elles er interrobangen nyttig når du har sluppe opp for argument i ein debatt, og vil ha siste ord:

Ja!
Nei!
Ja!
Nei!
Interrobang!

Det stoppa nok kjeften på han!

Meir informasjon om interrobangen finn du i artikkelen «The interrobang is back‽».

1 kommentar

  1. Lars Saabye Christensen har forøvrig tidlegare prisa semikolonet som eit sterkt undervurdert skiljeteikn (hugsar ikkje samanhengen i farten).

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.