Karl Ove Hufthammer

Home – A Short History of an Idea

Eg har nettopp lese boka Home – A Short History of an Idea av Witold Rybczynski. Eller rettare sagt, eg har nettopp lese ferdig denne boka. Eg begynte nemlig på ho for fleire år sidan, men av ein eller annan grunn har eg utsett dei siste 20 sidene til no.

Boka følgjer idéen «heim» frå middelalderen og til no, og i forskjellige land. Korleis har folk budd, og ikkje minst korfor har dei hatt det sånn (kulturelle og miljømessige årsaker)?

Eit gjennomgangstema er «komfort», eit omgrep som lenge rett og slett ikkje eksisterte, og som har hatt, og held fram med å ha, overraskande liten påverknad på utforminga av møblar og anna interiør.

Det mest interessante med boka, er at ho (indirekte) fortel om korfor me i dag har husa og møblane våre utforma som me har dei. Det er nesten aldri på grunn av dette er den mest effektive, funksjonelle, praktiske eller mest komfortable måten; det er berre «arva frå fortida».

Boka har verkelig gitt meg eit heilt nytt syn på ting eg før aldri ofra ein tanke, på møblar og anna inventar, og på innreiing av hus og heim. Ho har fått meg til å forstå kor lite nødvendig og kor mykje kulturelt og historisk avhengig det er at desse tinga har den utforminga dei faktisk har, mens eg før knapt kunne tenka meg dei annleis.

Boka er kort, på 200 sider, men dessverre ikkje heilt lettlest. Eg har vanligvis ingen vanskar med å lesa engelsk faglitteratur, det er det eg les mest, men her måtte eg sitta klar men ordbok nesten heile tida. Boka er full av for meg ukjente ord, for det meste namn på møblement og anna inventar. Men dette kunne forfattaren sjølvsagt ikkje unngått.

Ein annan ting eg mislikar med boka, er at ho berre inneheld eitt (dårlig, svart-kvitt) bilde for kvart kapittel. Det er ingen bilde som illustrerer alt forfattaren skriv om, og det kan vera noko tungt å visualisera møblar berre ut frå tekstlige beskrivingar. Eit bilde seier som kjent meir enn tusen ord.

Oppsummert kan ein kanskje seia at sjølv om Home ikkje er spesielt lett å lesa, er det ei veldig grei bok å ha lest!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.