Karl Ove Hufthammer

Home for Christmas

Innleiing

Dette er tida for juleplater, og kvar artist både med – og kanskje spesielt utan – respekt for seg sjølv har minst éi juleplata på samvitet. Desse platene er vanligvis berre oppgulp av klassiske julesongar me har hørt tusen gongar før, og i tusen gongar betre utgåver, og altso ikkje noko å trakta etter.

Heldigvis finst det heiderlige unntak. Plata Home for Christmas med Anne Sofie von Otter er eit slikt unntak, og er samtidig ei av dei beste platene eg kjenner til. Derfor er det med stor glede eg deler mine opplevingar av denne.

Sjølve plata kjem i eit flott pappetui (ingen plast her nei), med eit hefte inni. I dette står ein artikkel om Anne Sofie von Otter, om hennar minner og syn på jula og om musikken på albumet, samt tekst til alle songane. Både artikkelen og songtekstane er omsett til fire språk, og rikt illustrert. Det er slik platehefter skal vera!

Songane

  1. Koppången
  2. The Christmas Song
  3. Tomorrow Shall Be My Dancing Day
  4. Stille Nacht
  5. O Jesulein Süß!
  6. Il est né, le divin enfant
  7. Noël
  8. Sankta Lucia
  9. Staffansvisa & För redeliga män
  10. Bred dina vida vingar
  11. Have Yourself a Merry Little Christmas
  12. I Wonder As I Wander
  13. Cantique de Noël
  14. White Christmas
  15. Deck the Hall / Utterns polska
  16. O Come, All Ye Faitful
  17. Mariä Wiegenlied
  18. Betlehems stjärna
  19. Corpus Christi Carol
  20. Sweet Was the Song
  21. Koppången

Koppången

Home for Christmas startar like godt som ho sluttar – med songen Koppången. På første spor syng von Otter songen på engelsk, og avsluttar plata med den svenske originalversjonen.

Koppången er ein nydelig song om å stoppa opp i kvardagen, og bli heilt gripen av (jule)stemninga. Både melodien, arrangementet og ikkje minst stemmen til von Otter er fantastisk.

The Christmas Song

Neste song er kanskje julesongen over alle – The Cristmas SongChestnuts roasting on an open fire»). Anne Sofie von Otter er skolert i klassisk song, men her framfører ho songen på ein veldig lett, jazzete, og sjarmerande måte, med eit enkelt gitar- og trekkspelakkompagnement under.

Tomorrow Shall Be My Dancing Day

Det tredje sporet, Tomorrow Shall Be My Dancing Day, er min favoritt på heile plata. Dette er ein utrulig fargerik og sprudlande song, med eit arrangement som hørast. I tillegg til trompet, trombone og horn, er det her ein tuba (!) med, som gjer dette til den stiligaste julesongen eg har hørt.

Stille Nacht, O Jesulein Süß!, Il est né, le divin enfant og Noël

Stille Nacht og O Jesulein Süß! er passelig lågmælte, fine tolkingar av desse songane, men lite meir. Franske Il est né, le divin enfant er derimot direkte ubehagelig å høra på! ☺ Heldigvis er Noël noko betre, utan å heilt setta meg i julestemning.

Sankta Lucia

Santa Lucia er ein skikk me har fått frå Sverige, og her får me høra den originale svenske teksten til den kjente melodien. Eg synest me godt kunne fått høra han a cappella – von Otter – har stemme til det – men denne versjonen med celtar (nei, eg har heller aldri hørt om instrument før) og enkel perkusjon er òg fin.

Staffansvisa & För redeliga män

Neste vise, eller skal eg kanskje seia viser, er ei samansetting av Staffansvisa og För redeliga män. Det heile er veldig rytmisk (trampe takta!), og med ei fandenivoldsk-aktig Anne Sofie von Otter slik me aldri har hørt ho før! Stilig!

Bred dina vida vingar, Have Yourself a Merry Little Christmas og I Wonder As I Wander

Etter ei sånn intens, utmattande, vise som førre, er det fint å kunna slappa av med Bred dina vida vingar. Denne bør vera kjent for dei fleste, og von Otter gjer ei fin, rolig tolking av både denne og dei neste songane, Have Yourself a Merry Little Christmas og I Wonder As I Wander.

Cantique de Noël

Tittelen Cantique de Noël er kanskje ikkje kjent for so mange, men det er faktisk snakk om songen O helga natt, udødeliggjort av Jussi Björling. O helga natt skal syngast av ein kraftig mannsstemme, og her fell Anne Sofie av openbare grunnar gjennom.

White Christmas

Spor 14 er ei skikkelig sviska, White Christmas, og som på The Christmas Song viser von Otter igjen at ho er ei habil jazzsongarinna. Det relativt enkle arrangementet lar stemmen hennar komma i forgrunnen – ein varm, mjuk stemme som er herlig å høra på. Dette er heilt klart ein av dei (to) beste innspelingane av denne klassikaren eg har hørt.

Deck the Hall / Utterns polska

Neste song, kjent frå tallause amerikanske julefilmar, er Deck the Hall. Songen blir vanligvis framført med svært «stram» frasering, noko som nok er nødvendig for julesongar meint å syngast av fleire. Men i von Otters framføring er noko annleis. Ho syng songen so lett, so fritt, at stemmen hennar nesten svevar over melodien.

Og etter kvart går melodien overraskande nok over i ein heftig «polska» (~polsdans), som igjen glir saman med originalmelodien og von Otters stemme. Skikkelig originalt, og herlig å høra på.

O Come, All Ye Faitful

Ein anna kjent engelskspråklig julesong er O Come, All Ye Faitful. Denne versjonen begynner litt enkelt og høgtidsaktig, men tar meir og meir av, instrumentalt sett. Greitt nok!

Mariä Wiegenlied, Belehems stjärna og Corpus Christi Carol

Mariä Wiegenlied er neste, litt meir klassiske song, her fint framført. Denne blir etterfølgt av to rolige og veldig vakre songar – Belehems stjärna og Corpus Christi Carol.

Sweet Was the Song og Koppången

Den nest siste songen me får høra er tidligmusikk – Sweet Was the Song – igjen vakkert framført. Og heilt til slutt får me den nydelige Koppången om igjen, men no på svensk.

Oppsummert

Dette er ei fantastisk samling nærare 70 minuttar både vakker og fantasirik julemusikk, i utrulige arrangement, og med den varme, behagelige stemmen til Anne Sofie von Otter. Eg kan ikkje tenka meg noko betre album til å komma i julestemning med, og anbefalar derfor denne plata på det aller varmaste.

Home for Christmas er forhåpentligvis tilgjengelig i din lokale platebutikk. Eg har iallfall sett plata til sals år etter år (ho vart først gitt ut i 1999), i stativ med julemusikk. Kjøp ho! Du vil ha stor glede av ho no i mørketida.

4 kommentarar

  1. Ein anna kjent amerikansk julesong er O Come, All Ye Faitful.

    Amerikansk? :-)

    Er forøvrig hjertens enig i at det er for mange suppete juleplater. I vår (halvt engelske) familie er det gjerne King’s Choir fra Cambridge som står på når vi (lett motvillig, for de små barnas skyld) feirer jul en dag for tidlig. Anbefales varmt: http://www.amazon.com/exec/obidos/ASIN/
    B000004CVK/103-3401712-9132664

    God høytid, forresten!

  2. Kan du egentlig fortelle hva det er slags side dette her? Hvorfor har du skrevet artikler som f.eks «tankestrek vs bindestrek», eller reviewer av filmer og cd’er? Er dette av egen interesse, eller har noen blitt gjort i forbindelse med jobb av noe slag?

    Er flittig innom sida, men lurer litt på hva motivasjonen din for en slik side er.

    På forhånd takk.

  3. Kjære Arn…Ano Nynomus!

    Dette er vel på ein måte meint som mi personlige heimesida, der eg skriv om ting som opptar meg, og som forhåpentligvis vil vera av interesse for eindel andre.

    Derfor skriv eg gjerne omtalar om (eller berre nemner kort) plater eller filmar eg synest er gode. Det finst veldig mange dårlige plater og filmar, og sjølv set eg pris på å få tips om «unntaka». Det reknar eg med andre òg gjer. (Det eg skriv har sjølvsagt berre verdi i den grad andre har same smak som meg, men det vil uansett vera «målgruppa» eg har for artiklane mine.)

    Artikkelen om tankestrekar og bindestrekar er eigentlig ein del av den andre, gamle, utdaterte heimesida mi. Det var av det aller første eg skreiv på nettet, og vart til dels fordi eg måtte ha noko innhald å fylla sida opp med, og dels fordi bruk av bindestrekar i staden for tankestrekar var noko eg hadde irritert meg over lenge. Artikkelen var altso litt meint som «folkeopplysing». Alle artiklane på den gamle heimesida vil med tid og stunder bli flytta over til bloggen her.

    Elles skriv eg om det eg skriv om fordi det interesserer meg. Alle likar jo å snakka og skriva om ting som opptar dei.

    Elles ser eg òg den praktiske fordelen med at når folk skriv noko som har interesse for andre, får alle mykje igjen. Tenk for eksempel på faglige diskusjonsgrupper, som på USENET. Her kan ein stilla spørsmål om alt mulig, innanfor forskjellige felt (alt frå kakebaking til bridge eller matematikk), og få kyndige svar. Korfor tilbyr folk seg å svara på andre sine spørsmål gratis? Det kan vera mange grunnar. Ein kan tenka viss eg svarar på noko eg kan i dag, og dermed er med på å halda systemet oppe, kan eg kanskje få svar på noko eg lurar på i morgon (altso eit rimelig eigennyttig motiv). Og vips, so har ein eit produktivt, positivt miljø, der alle får noko igjen. (Ein annan grunn til at folk deltar slik, er gjerne at dei synest det er kjekt å (endelig) få brukt, og vist, noko av (spesial)kunnskapen sin.)

    Mykje av det same gjeld folk som produserer (alle former for) innhald på Internett. Men det finst sjølvsagt andre grunnar til at folk skriv. Eindel skriv for eksempel for å få utløp for frustrasjonar (og for å få sympati frå andre).

    Men kort oppsummert er grunnen til at eg skriv, at stoffet interesserer meg, og at eg dermed vil formidla det vidare, at eg trur det vil ha interesse for, og vera til «hjelp» for, andre (ikkje nødvendigvis alltid mange andre!), og sjølvsagt litt av gammal vane! ☺

    Eg reknar med eg i framtida vil skriva meir om tekniske ting, som nettsideutvikling, og litt om emnene eg studerer – alt i folkeopplysingas ånd …
    Sjølv har eg for øvrig stor glede og nytte av det andre skriv i bloggane og på heimesidane sine.

  4. Kjære Eirik! n Eg var visst litt andsfråverande der. Eg har no fiksa det.

    Sjølv har eg aldri fått heilt sansen for korsong. Det gjev meg liksom ingenting. Det er vanskelig å høra kva kora syng, og melodiane er ofte direkte kjedelige. Men unntak finst.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.