Karl Ove Hufthammer

Forskingsdagane 2005

23. september 2005 (oppdatert 20. mai 2009)

Dette burde eg kanskje nemnt tidligare, men til orientering føregår no (23. september til 2. oktober) Forskingsdagane 2005 over heile landet. Gjennom over 1000 arrangement vert forskinga tatt ut av institusjonane og presentert til oss «vanlige folk».

Her er i Bergen er det i år som tidligare mengder av interessante populærvitskaplige føredrag, om blant anna «[k]unstige slimhinners uante muligheter», steikesmak, nanoteknologi, ei «[f]ramtid utan ingenting» og «Big Bang og alt det der». Siste tre års erfaring har vist at dette er gjerne er svært interessante, lærerike, og ikkje minst underhaldande føredrag, som er vel verdt å få med seg.

Det praktiske til slutt: I år er arrangementa på MOOD (tidligare Banco Rotto) og der omkring, og føredraga startar 11:30 på laurdag den 23. Meir informasjon er å finna på heimesida til Forskingsdagane i Bergen.

Emne: Ymse

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.