Karl Ove Hufthammer

Forskingsdagane 2004

17. september 2004 (oppdatert 20. mai 2009)

Dette burde eg kanskje nemnt tidligare, men til orientering føregår no (17.  til 26. september) Forskingsdagane 2004 over heile landet. Gjennom over 1000 arrangement vert forskinga tatt ut av institusjonane og presentert til oss «vanlige folk».

Her er i Bergen er det i år som tidligare mengder av interessante populærvitskaplige føredrag, om alt frå stygge fiskar fleire tusen meter nede i havet, til materiens opphav. Du kan òg høra om morsmjølk, matematikk, dataspel og «båtar som går rundt», blant anna. Siste to års erfaring har vist at dette er gjerne er svært interessante og lærerike føredrag, som er vel verdt å få med seg.

Det praktiske til slutt: I år er arrangementa flytta til Banco Rotto, og føredraga startar 11:30 på laurdag den 18. Meir informasjon er å finna på heimesida til Forskingsdagane i Bergen.

Emne: Ymse

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.