Karl Ove Hufthammer

Eyes Wide Shut

I niaren i kveld, måndag, sender NRK2 filmen Eyes Wide Shut.

Stemninga og atmosfæren i denne filmen er uturlig. Han må rett og slett opplevast. Ha det so mørkt som mulig i rommet, og berre opplev.

Og det er atmosfæren som gjer denne filmen so god. Viss du heller er interessert i actionsekvensar eller intrikate handlingstrådar er altso ikkje dette ein film for deg (men det er absolutt ein thrillar, for deg som likar sånne filmar).


Filmen var like god som eg hugsa, men ein ting var veldig leit. NRK2 sendte filmen i 4:3-format, i staden for i breiformat. Ja, eg veit regissøren laga filmen for å visast på TV i 4:3-format, men dette er ein film som faktisk ser mykje betre ut i breiformat, som vist på kino.

Eg la for øvrig manuelt på nokre striper oppe og nede i delar av filmen, og det gjorde han betre.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.