Karl Ove Hufthammer

Et dukkehjem

8. november 2003 (oppdatert 21. mai 2009)

Eg har vore og sett Den national scenes oppsetting av Ibsens Et dukkehjem.

Dette er ei modernisering av stykket, der handlinga er lagt til notida, og språket forny. Men det mest radikale er sjølve det visuelle uttrykket. Scenen er nesten tom, med berre eit bord og nokre stolar. Men bak møblementet står eit stort «kinolerret», der me ser resten av leiligheita, med inngangsparti og kjøken.

Når nokon kjem på besøk, ser med dei først går inn på kjøkenet på lerretet, før dei kjem inn på scenen. Overgangen frå film til «verkeligheit» går nærast umerkelig for seg, noko som sjølvsagt krev eksakt taiming. Det heile er veldig imponerande.

Filmveggen blir òg brukt til å skildra tankane til personane – med opptak gjort ute. Dette fungerer iallfall for det meste veldig bra, og tilfører stykket noko som ikkje ville vore mulig med tradisjonelt teater. Eg meiner ei slik blanding av film og scene med hell òg kan brukast i nokre framtidige teaterstykke – men nok i mindre omfang, og absolutt ikkje i alle stykke!

Elles gjer skodespelarane ein god jobb, og dette er ei fin oppsetting av dette klassiske skodespelet (som eg kan legga til eg ikkje har sett før). Ta gjerne turen og sjå det viss du er i Bergen.

Stykket vart først sett opp 20. september, og var meint å gå fram til 18. november. Det har blitt ein suksess, og det er derfor no sett opp ekstraframsyningar frå 25. november til 6. desember. Billettar kan du bestilla over Internett, telefon, post eller faks.

Emne: Teater

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.